mandag 17. august 2009

Ulljakke og Oslotur

Har sydd ulljakke til min kjære datter,
kan vere godt å ha når ho skal bu i Oslo denne vinteren.


Mønster frå Alt om håndarbeide nr 3 2008.
Har forandra litt på mønsteret.

Fargen er mørk petrol ,
stoff: ullfilt frå Stoff & Stil.
Fora med koksgrå sateng.


Jenta vart fornøgd med jakka.
Håpar ho varmar på kalde dagar


Denne helga pakka vi bilen til randen,
og kjøyrde jenta vår til Oslo.
Ho skal bu der kommande skuleår, å gå på Høgskulen der.
Kjøyrde forbi mykje fin natur,
her er Jølstravatnet innover mot Fjærlandstunellen.


Hadde pakka med meg mykje garn,
so eg fekk strikka ein del på denne turen:)
Godt det nærmarseg slutten på teppet no,
det er so mykje nytt eg har lyst å begynne på.


Etter å ha kjøyrt i regn nesten heile helga,
såg det ut til å klarne opp når vi kom på vestlandet att.
Tok dette bildet rett mot sola,
mange fine blåfargar på himmelen.


Godt å sjå att sjøen,
etter ein laaaang kjøyretur over fjell og gjennom dalar.

1 kommentar:

  1. Kjempefin jakke du har sydd, den varma nok godt også, det trengst i den kalde hovudstaden :-)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...