søndag 16. januar 2011

VM strikk mm

No har eg strikka mitt bidrag til ski VM.
Var innom Hedvigs blogg, og las at dei trengte mange slike som
blomstermansjettar til ski VM.
Eg fann fort ut at eg òg ville sende mitt bidrag.
Ringte garnbutikk i Førde og fekk legge av garn.
For so å få yngste son vår som bur der på hybel,
å kjøpe garnet til meg.
Lørdag strikka eg denne.
Med litt ferjetid til og frå arbeidet,
og nokre omg på kvelden, so var den ferdig.
Sender den i posten i morgon.

innslag frå TV2 her


Dette settet var ferdig no til helga.
Det er bestillingsstrikk, og er strikka i alpakka.
Pulsvarmarane er alligatormønsteret eg har strikka ein del av i det siste.
Og halsen er mønster frå Allers nr 1 2011,
men i andre fargar og anna garn,
alpakka som i pulsvarmarane.



Kanskje blomstermansjetten kan brukast som lue når
blomstene er visna?



4 kommentarer:

  1. Ikkje verst å delta i VM på ski, du!!!

    SvarSlett
  2. Så dette på en blogg jeg også, men ble litt i tvil om man fikk velge farge selv...
    Nydelig hals og pulser!

    SvarSlett
  3. Flink er du ;-) Mykje flott på bloggen din!

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...