fredag 18. februar 2011

Litt av kvart.

Sjølv om eg ikkje har noko ferdige ting å vise,
er det alltid noko på gang.
Trur eg må legge inn søknad om fleire dagar og timar i veka,
so eg rekk over alt eg planlegg..
Dette garnet fekk eg av ei dame,
har lenge lurt på kva eg skal bruke det til.
Fargane likar eg, men det er litt hardt,
kanskje det blir betre når det har vore i vask..

Garnet er 70 % ull og 30 % akryl.
Det blei til at eg starta med hekle bestemorrute,
utan meir planar.

Sidan har eg berre fortsett på den,
trur eg skal hekle til der ikkje er meir av garnet.
Spennande å sjå kor stort det blir.
Dette arbeidet har eg liggande i bilen,
i tilfelle eg skulle gløyme å ta med strikketøyet mitt når eg skal med ferja.
Har fått unna mykje handarbeid i ferjekø,
og på turen over til fastlandet :)


Snart ferdig med mariusgenseren til dotter vår.
Skulle nesten strikka sokkar og panneband til den òg.
Vi får sjå etterkvart.
I tillegg til dette,
har eg ein bunad og ei kystdrakt under produksjon.
Bilder av dei kjem etterkvart.


Denne flotte skapningen kryssa vegen framfor bilen min i dag.
Eg måtte stoppe so den fekk gå over vegen.
Han var ikkje mykje skvetten, spaserar roleg på vegen midt i bygda.
Selfølgeleg hadde eg ikkje kamera med meg,
so det vart mobilbilete.
Litt uklart, men men.
Det gjekk bra, sidan han stoppa og snudde seg so eg fekk fotografere.


Dette glasshuset kjøpte eg på salg på blomsterbutikken på Aslvoll.
Greidde liksom ikkje å gå ifrå det.
Visste ikkje heilt kva eg skulle bruke det til.
Det får stå slik so lenge, med ei lykt oppi og ein sommarfugl til pynt.
Tek imot gode forslag til kva eg kan bruke det til..

Takk for fine komentarar i bloggen,
og håpar alle får ei fin helg.


7 kommentarer:

  1. Du har jammen mange prosjekt gåandes samtidig! Blir spennande å sjå heklateppet til slutt:)
    Eg pendla til Dale i mange år, men eg brukte å lese krimbøker på ferjeturen - litt lite sosialt , men men...
    Ha ei fin helg:-)

    SvarSlett
  2. Hei.Kjempe fint det du har begynt å hekle på.Nydelig.Det garnet har jeg ikke prøvd.Fine farger.Kjempe fin Mariusgenser veldig poppulært blant ungdomen nå.Nydelig bilde.Ønsker deg en riktig fin helg.Klem fra Bodil.

    SvarSlett
  3. Hehe! Har faktisk meldt meg på kurset... Fekk ei melding frå Berit og stakk innom for ein prat om kurset. Dei påmeldte var frå nybegynnarar (der har du meg) til meir erfarne (deg?), så dette vert spennande!!!

    SvarSlett
  4. Eg har også masse eg holder på med :) Og noke blir aldri ferdig.... Blir spennande å sjå kva resultatet av heklearbeidet ditt blir :) God helg til deg :)

    SvarSlett
  5. Blir insperert av deg :)....no strikkar eg VM gensar på turar frå Førde til Stongfjorden :))
    Ha ein fin søndag, Ann Tove!!

    SvarSlett
  6. So kjekt å høyre, Liv. Eg strikkar alltid når eg sit på i bil, om å gjere å nytte tida :)Ha ein flott søndag, her skin sola inn til meg.

    SvarSlett
  7. Mykje flott handarbeid Ann Tove, du er flink!:))) Fin kveld til deg!:)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...