mandag 21. mars 2011

Åttebladrose

Åttebladrose kan ein bruke til so mangt...



...På slik ein kald vår,
er det godt med ulltruse...
Her er baksida.


Som du ser, er dette herretruse :)
Såg slike på nettet for lenge sidan,
men det var ikkje lett å finne mønster.
Heldigvis fekk eg låne ei,
som eg har strikka etter.
Har foreløpig ingen plan om kven som skal få den,
måtte berre prøve å strikke ei :)


Har strikka den i Viking Frøya,
so den varmar nok godt.

Hm.. når eg ser på bileta no,
ser eg at eg har strikka åttebladrosa feil...
Ja,ja det var no berre eit prøveeksemplar :)
Hugsar heilt sikkert å sjekke at den er rett
neste gong eg strikkar åttebladrose.

Ha ein fin dag!


14 kommentarer:

  1. Skulle gjerne ha gjort meir med åttebladroseprosjektet mitt som berre ligg på vent - denne fekk boblelatteren fram! -
    Praktfull!

    SvarSlett
  2. Haha!! Utruleg kul! :D

    SvarSlett
  3. Slik en så jeg på Husflidsentralen i Selbu da jeg bodde der et år. MEn jeg har ennå til gode å strikke en. Spørs om min kjære ville ha iført seg noe slikt, selv om han tåler det meste av ull rett på kroppen.....

    SvarSlett
  4. Herleg! Eg strikka ei slik ei til ein kamerat for nokre år sidan,- http://torunnshobbyblog.blogspot.com/2009/06/selbustring.html men eg strikka string. ;) Desse er som regel stor suksess og får fram ein god latter når ein gir dei vekk. ;)

    SvarSlett
  5. Hei Ann Tove.
    Set og studerer desse flotte trusene og lær... utruleg artigt.:-)) Det er ikkje så nøye om åtteblad rosa er feil når resultatet er så bra :-))
    Er sikker på du har hatt ei hyggeleg stund med desse under arbeid,... trur eg må legge inn ein bestilling :))
    Tankane mine gjekk til eit par bilder i siste innlegg i min blogg. Tenk om desse karane hadde fått kvar si heimestrikka truse og sprunge rundt på stranda med....:-))
    Desse må du markedsføre meir, du vil bli rik...!!
    Ha ein fin kveld og kos deg med strikkinga!! :-)

    SvarSlett
  6. Kjempekult. Fikk virkelig lattermusklene på gli.
    Dersom garnet ikke er kløfritt, kan det virkelig bli liv i leiren. Fnis-fnis.

    Klem!!

    SvarSlett
  7. Jeg ler! Dette strikkeplagget var utrolig morsomt!! :o) Jeg hadde ikke sett at åttebladsrosa var feil hvis du ikke hadde sagt det.

    SvarSlett
  8. Det ligg ein award til deg i bloggen min. ;)

    SvarSlett
  9. Har strikka pulsvarmere til alle damene eg jobber med, og har lurt på kva karane skulle få.Problemet er løyst,det blir undebrøker til alle.Den har vel hol?

    SvarSlett
  10. Hehe...Den var jammen artig :-D
    Skal ikkje fryse karen som får denne....

    SvarSlett
  11. He he, denne var stilig! Nå veit jeg hva jeg kan gi til jul igjen! Virkelig artig!

    SvarSlett
  12. Tar du bestilling på dametrusa?? :)
    solkyst@hotmail.NO

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...