onsdag 29. april 2009

Gratulerer


Yngste mann i huset fyller 15 år i dag.
Vakna opp til fuglekvitter, sol og blikkstille sjø, kan ikkje bil betre.
Flott veir å flagge i, håpar det blir slik på
konfirmasjonsdagen hans 10 mai og.


Kom over eit garn eg ikkje har prøvd før, Viking Frøya.
Mjukaste labbegarn eg har strikka i, fristar til å lage meir av dette.
Falt heilt for desse fargane, men litt kjedeleg nar det er forskjellig grønnfarge på nøsta.
Men han som fekk dei er fornøgd, det er det viktigaste:)
Litt dårleg å sjå på bilete.

søndag 26. april 2009

LURETEPPE


Dette teppet strikka eg for nokre år sidan, godt å ha over seg når middagsluren skal takast:)
Hadde planar om å bruke berre garnrestar, men måtte fort til å kjøpe meir garn.
Har brukt garn som passar til pinne nr 4.
Mønster er frå Familien nr 2/ 2000.
Mål på teppet: 130 x 200 cm.
Brukt ca 2 kg garn.

Har hekla sammen remsene.
Slik lærte eg meg å hekle :)
( Nærbilete vart litt mørkt. )
Er begynt på eit nytt teppe i offwhite, kjem bilete av det seinare.

NYTT AV GAMALT

ParaplyarSamlar på gamle paraplyar, lagar handlenett av dei.
Prøver å vere miljøvenleg å ikkje bruke PLASTpose når eg handlar.

Med so mange flotte fargar og mønster på paraplyar,
synest eg dette blir fine nett.

Ved å la den snora, som held paraplyen ihop, vere på,
kan den brukast å halde nettet ihop når den ikkje er i bruk:)
Passeleg stor ( liten ) å ha i handveska eller lommen .

onsdag 22. april 2009

GARNBUKETT




Eit alternativ til blomsterbukett, for alergikere eller handarbeidsglade damer:)
Nokre nøster labbegarn, silkeblomster og litt tynt fint papir er alt som skal til.
Mottakaren av den eine av desse bukettane, vart i allefall glad. ( den andre ga eg som gevinst på basar)



mandag 20. april 2009


Alden.
Ein flott kveld i april.
På vei heimover, måtte berre stoppe å forevige dete motivet.

Hekla sjal i Kauni ullgarn.
Mønster: Alt om håndarbeide nr 6-08

Begynte å hekle sengeteppe, store firkanter ca 40 x 40 cm.
Gjekk lei etter to firkanter.
Hekla dei sammen og sydde kvitt trekk på innerputa.
Baby bommull frå Gestal.

søndag 19. april 2009

Ut på tur


Har hatt ein kjempefin søndagstur på fjellet i dag.

Restegarn


Har endeleg lært meg å strikke labbar.
Dette er resultatet av ein pose med restegarn (labbegarn) eg hadde liggande.
Kjekt å sette ihop fargar, men mindre kjekt når alle trådendane skulle festast.

Snart 17 Mai

Nokre av mange 17 mai roser eg har hekla.
Bruker bomullsgarn til desse.
Fine til både dress og bunad på 17 mai :)

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...