mandag 31. august 2009

Mandag

Manda morra blues...
Har laga Ingers rugbrød på føremiddagen, saftige og gode :)


Mens dei stod i ovnen,
hadde eg litt tid til overs,
og laga eit handlenett.

Stoffet er eit eg har hatt liggande leeenge.
Som eg sydde skjørt av, for ca 15 år sidan,
til eit tvillingpar eg er tante til.
Pynta veska med eit ensfarga stoff,
og ein knapp frå den store knappeboksen min....



...og ei snor til å knytte veska sammen med når den ikkje er i bruk,
og kan ligge klar i handveska :)
Fargane på første og siste bildet av veska, er dei rette fargane.
Skal sende den til Oslo ilag med strikkateppet.

onsdag 26. august 2009

Mitt første kort


I går kveld var eg på besøk hos Heidi Beate,
i hennar kreative hule.

http://heidibeatespapirdillerier.blogspot.com/

Fekk sjå og lære å lage kort,
noko som eg lenge har hatt lyst til å prøve.
Hadde nokre koselege timar med tegning, klipping og liming.
Er vel fornøgd med resultatet :)



mandag 24. august 2009

Strikka teppe

No er eg ferdig med teppet :)


Mål: 130 x 180 cm ( liggande flatt )
Men er ganske elastisk både i lengd og breidd.
Brukt nesten 20 buntar garn ( ca 2 kg )

Ganske fornøgd med dette.
Kjem nok til å lage fleire,
men no er det mykje anna som ventar på bli produsert :)

onsdag 19. august 2009

RS 14 Stavanger

I går kveld kom Redningsskøyte nr 14 Stavanger, til Herland.
På vei sørover kysten,
ein siste seilas før den skal settast på museum.
Og vi i Sneklokken Redningsforening her på Atløy,
vart invitert ombord på omvisning.


Ei flott, over 100 år gammal seglskute.
Interessant å sjå og høyre om korleis Redningsskøytene var før i tida.

www.sisteseilas.blogspot.com


tirsdag 18. august 2009

GJENBRUK

Når varene kjem inn til butikken,
får vi jasminris-posane i slike sekkar.
Dei er laga av vevde plaststrimlar, ypperleg til handlenett.
( Eg arbeider då på ein Coop butikk :))
Likar ikkje å kaste noko som kan brukast om igjen,
so eg tok denne med heim.

I dag måtte eg berre gjere noko med denne sekken,
før eg skulle på arbeid.( seinvakt i dag )
No er handlenettet klart til bruk.

Til og med oppskrift på baksida :) ....


...Og datostempling....
No gjenstår det berre å sjå om nettet held so lenge.... ;)

mandag 17. august 2009

Ulljakke og Oslotur

Har sydd ulljakke til min kjære datter,
kan vere godt å ha når ho skal bu i Oslo denne vinteren.


Mønster frå Alt om håndarbeide nr 3 2008.
Har forandra litt på mønsteret.

Fargen er mørk petrol ,
stoff: ullfilt frå Stoff & Stil.
Fora med koksgrå sateng.


Jenta vart fornøgd med jakka.
Håpar ho varmar på kalde dagar


Denne helga pakka vi bilen til randen,
og kjøyrde jenta vår til Oslo.
Ho skal bu der kommande skuleår, å gå på Høgskulen der.
Kjøyrde forbi mykje fin natur,
her er Jølstravatnet innover mot Fjærlandstunellen.


Hadde pakka med meg mykje garn,
so eg fekk strikka ein del på denne turen:)
Godt det nærmarseg slutten på teppet no,
det er so mykje nytt eg har lyst å begynne på.


Etter å ha kjøyrt i regn nesten heile helga,
såg det ut til å klarne opp når vi kom på vestlandet att.
Tok dette bildet rett mot sola,
mange fine blåfargar på himmelen.


Godt å sjå att sjøen,
etter ein laaaang kjøyretur over fjell og gjennom dalar.

lørdag 8. august 2009

Helg og strikking

Denne veka har eg fått unna div syoppdrag.
Og ellers strikka ein del på teppet,
som ikkje har vore prioritert i sommar.
Var ein tur til Bergen med ekspressen tirsdag,
då kosa eg meg med strikking på reisa.
Passa på å ha rikeleg med garn i veska.
To og ein halv time kvar veg, og berre kunne sitte å kose seg med strikketøy:)


I dag har eg kjøpt lesestoff til helga,
passeleg veir å sitte i sofaen med strikketøy og inspirerande interiørblad.



Her, eit bilete av ei av georginene mine,
Med ynskjer om ei kjempefin helg til alle som er inne på bloggen min:)
Skriv gjerne nokre ord i gjesteboka mi når du er innom.

søndag 2. august 2009

Endeleg

I dag har vi endeleg tatt turen til og opp på Alden,
Den Norske Hest.
Første gang eg har vore der oppe.
Her kan du tru ho er kry...
sit på toppen å speidar utover " verden".


Utruleg å ligge på kanten å sjå rett ned i havet.


Tviberg og Atløy i bakgrunnen.


Ned på Aldevågen og husa der.


Full fart heimover, etter ein flott fjelltur.


Etter ein sein middag,
fekk eg lyst å prøve å lage natronkaker til kaffien.
Noko eg heller ikkje har prøvd før...
Kanskje ikkje heilt perfekte å sjå til.
men kakene vart godkjent, dei:)
Alle vel fornøgde.



Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...