lørdag 23. juli 2011

Gamal genser

Hadde Ein kjøpestrikkagenser eg var lei av.
Men likte fargen godt.
No er den blitt pute, og her framsida som er i lett flettemønster.




Ryggen av gensaren var rett og vrang,
for å få puta stor nok måtte eg la brotet vere med òg.
Har kanta den med eit lin liknande stoff frå ei gamal gardin.


På baksida er det konvoluttåpning.
Kanskje der må vere knappar i lukninga òg,
men det ser eg først når eg får tak i innerpute.
Den er ca 40 x 40 cm.




torsdag 21. juli 2011

Sjøulk

På ei bloggvandring såg eg ein sjøulk,
men finn desverre ikkje igjen bloggen eg såg den i.
Falt fulstendig for denne karen og berre måtte lage ein.
La inn bestilling av garnpakke hos Den blå tråd,
og etter eit par dagar kom den i posten.

Her er den ferdigstrikka, klar til toving.


Alltid like spennande når ein set på vaskemaskina og ventar på resultatet.

Og etter tørk, montering av sjegg, pipe
og hekling av fiskegarn.
Er eg fornøgd med sjøulken min.






Det vart ein staseleg kar,
som for øyeblikket skjuler ei flaske vin.


Med tida har eg planar om å lage fleire.

No blir det mest forberedelsar til Krabbefestivalen vi skal ha neste helg.
Med revy, krabbe i massevis, utstilling, aktivitetar for store og små
og mykje moro i heile helga.

Men det er alltid tid til litt handarbeid no og då.




søndag 17. juli 2011

Litt reklame

På Coopen har vi Mix 3 for 69.- tilbud.

Det hadde vi i fjor sommar og i vinter òg.
Og desse store flotte reklameflagga
synest eg var for fine til å kaste då kampanjene var over.
Dei var brukte inne, so dei er like fine enda.
Her var mykje lett og fint stoff :)
2 x 3 m store er dei.



I dag har eg klypt opp eit av dei,
og sydd vesker/nett av det.
Lette og grei å ha i veska eller lommen når ein skal på butikken.



Det vart ni stykker av dette eine flagget.

Prikkane på netta er av noko som datt ned frå himmelen
då eg skulle ha fotoshout..
Vått var det òg, håpar det går vekk etterkvart...









tirsdag 12. juli 2011

Gryteklutar




Desse gryteklutane såg eg i Bestemors blogg,
og endeleg har eg fått strikka eit par.
Har mykje garnrestar i bomull sport ol,
so eg har planar om å lage fleire slike.
Dei er strikka på rundpinne,
so dei er tjukke og gode.
Ingen brente fingrar på den som brukar desse.
Mønster fann eg her.





lørdag 9. juli 2011

Toalettveske

Har endeleg dulla meg til å lage toalettveske.
Kjøpte ein rest voksduk på Spar Kjøp for lenge sidan,
med tanke på ei slik.
Har klypt og sydd utan mønster,
etter det eg hugsar å ha sett på andre bloggar.

Fora den med turkis bomullstoff,
og kanta med dongeristoff av avklypte bukser.




søndag 3. juli 2011

Skjørt og topp

Har sydd skjørt og topp til min kjære mor.


Stoffet er gråsvart med artige rysjer på.
Halskant og erme er i eit elastisk blondestoff.
Skjørtet er heilt enkelt med strikk i livet.



Og her er mamma,
vel fornøgd med arbeidet :)




Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...