onsdag 29. juni 2011

Klokke

Denne klokka kjøpte eg på Kremmerhuset i Bergen.
Det er ei tynn plate i alminium ( trur eg )
med eit bilete som ser slitt og gammalt ut.
Passa perfekt til eit prosjekt eg hadde i tankane.



Eg har fått eit av pappa sine utbrukte sagblad,
og har vaska av det verste rusta.
Litt rust må der jo vere..




Etter litt demontering og montering,
vart det ei kjempefin klokke.
Foreløpig har eg ikkje hengt den opp,
den blir nok for tung til å henge opp etter utverket.
Kanskje det må bli eit bord- eller golvur..

Er i allefall fornøgd med resultatet :)




mandag 13. juni 2011

Rosa kjole

Har sydd ein kjole på bestilling.
Den skulle vere enkel, smal og rosa.
Får ikkje fin saum med tvillingnål,
so eg brukte denne pyntesaumen til opplegget.




Gjekk utifrå ein topp som passa jenta,
og sydde denne kjolen.
Den ser lang ut på bildet,
men er ca str 8 år og rekk ned til kneet.









Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...