Viser innlegg med etiketten Bunad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bunad. Vis alle innlegg

søndag 15. mars 2015

Herrebunad på gang

Innimellom andre prosjekt siste året har eg sydd på herrebunad til eine son vår, 21 år.
Sunnfjordbunad.
Dette har eg ikkje prøvd før, so eg lærer etterkvart.
8/3 var det barnebarnet vårt døpt, då hadde den nybakte onkelen bunaden på seg.
Fekk låne skjorte og jakke, men resten var klart.



Vest og bukse/nikkers er ferdig.
Sokkeband har eg kjøpt frå ei dane som vever slike.
Og nye bunadsko innkjøpt og klare til bruk.
Sokkane har mor mi strikka, dei fekk han til jul eit år.






Beltet var det første eg laga, broderte det i fjor.
Var igrunn kjekt arbeid, men det tok tid.


Laga det litt lenger enn livvidda, godt å ha noko å gå på om det skulle trengst.
Har valgt oksidert sølv til spenne og knappar,
men mange brukar messing. 
Det er valgfritt.

Det var kjekt å sjå guten i bunad, no er det berre å få sydd jakka og skjorta.
På skjorta er eg snart ferdig å brodere mansjetter og krage, då håpar eg det verste er gjort.
Men som sagt har eg ikkje sydd slikt før, so det blir spennande framover :-)






fredag 13. mars 2015

Bunadtid

Våren er bunadsaum for meg.
Her er ein sunnfjordbunad som eg har sydd ny vest og lomme til.
Denne er utan sølv, belte og forkle.
Det blir sydd på av eigaren sjølv.



Var so heldig å få  tak i band med rette fargane i.
Sidan det er ein eldre bunad,
 passa ikkje dagens vevde band med dei som er nede på stakken.



Den gamle vesten var altfor kort, 
So då måtte eg til med alt nytt på vesten utanom maljedukane.




Lomme var der ikkje på bunaden.
Denne er ny.
 Eg har ikkje brodert, men monteringa er mitt verk :-)


søndag 5. mai 2013

So sikkert som våren..




Denne våren har det meste av ledig tid gått med til bunadsaum.
Noko som er eit sikkert vårteikn.



Her er første bunaden klar for levering.
Fekk nokre timar fint veir so eg fekk ta bilder utandørs.



Meljedukane er mor til konfirmanten som har brodert.





Kanten nede på stakken står bestemor til jenta for.




Lommen har eg heller ikkje brodert.
 Men  montering og brodert kant rundt er det eg som har utført.


I går fekk eg tilsendt bilde av den flotte konfirmanten som prøver bunaden.
Stor stas når mottakar er strålande fornøgd.

Ynskjer dei ein fin dag på konfirmasjonen den 12 mai.



mandag 21. januar 2013

Navnelapp

Har brodert navnelapper til å sette inn i foret på bunadscape.
Greit på dagar når mange bunadkledde er samla og har samme cape..






tirsdag 15. mai 2012

Cape

Enda eit bestillingsverk ferdig og levert.
Her er nærbilde av den flotte hempa som er i halsen på bunadscapen
som er til sunnfjordbunad.






Ser grå ut i sterkt sollys.









Fòra med grønt ullstoff og passpolerte hull framme. 
Sidde ca 80 cm.

 
Ynskjer alle besøkande ei fin 17 mai.





søndag 6. mai 2012

Bunadstid

Denne bunadlommen har eg berre montert.
Den pyntar opp bunaden til ein konfirmant i Florø denne helga.
Fekk den tilsendt ferdig brodert, 
utanom korsstinga rundt kanten som må syast på etter montering.




Det blir ikkje mykje bunadsaum denne sesongen,
berre ein cape, utanom denne lommen, som eg skal til på denne veka.
So skulle eg hatt ny kant nede på min eigen bunad,
men det blir ikkje på denne sida av 17 mai.

Men neste vår har eg 2-3 bunadar på bestillingslista..
Heldigvis skal dei som bestiller brodere ein del sjølv.
Er ikkje so glad i denne broderinga på svart stoff..






fredag 29. april 2011

Sunnfjordbunad

Det har vore lite blogging,
men ein del produksjon og bildetaaking i det siste.
Bla har eg sydd ferdig og levert Sunnfjordbunaden.
Vesten og beltet er frå 1948,
den har eg berre tilpassa jenta som skal ha den.
Ellers har eg prøvd å lage resten slik den var,
berre laga stakken ein del lenger.
Den gamle var mykje kortare før.


Nede har eg brukt opp igjen banda,
den gule og grønne kanten.


tirsdag 12. april 2011

Sjølv om vi har hatt flott vårveir i dag,
har eg vore for det meste inne.
Det går i bunadsaum for det meste.
Lommen har vore ferdig ei stund,
men blogging har vore mindre med.
Sidan bunaden eg held på med er ein gammal som skal ny stakk på,
prøvde eg å lage lommen i samme stil.
Har brukt lommen etter bestemor mi som modell,
og brodert med fargar som passar til bunaden den skal henge på.
No er bunaden klar til prøving,
alltid like spennande når prøving nærmar seg.


torsdag 17. mars 2011

Det nærmar seg..

No er eg endeleg komt godt i gang med bunadproduksjonen.
Eg arbeider best under press,
på fritida mi er det bunad, kystdrakt
og foreståande revy med mange øvingskveldar som gjelder.



Det verste er gjort på bunaden,
og stakken er klar for damping.


søndag 13. mars 2011

Underskjørt

Underskjørtet til Sunfjordbunaden er klart.
Det gjer at stakken på bunaden heng finare på.
Og so er det meir behageleg mot huda enn ulla i stakken.

I dag skal eg på langøving med revydamene,
det nærmar seg 2 april og premiere :)


mandag 21. februar 2011

Solskinn og kaffikos.

Nyter føremiddagen, med sol og fint veir.
Her er utsikta mot nord- nordaust frå stova.


Litt kaldt å sitte ute enda.
So eg nyter føremiddagen ved kjøkkenbordet,
med kaffikopp, radio og bunadbrodering,
før eg skal på arbeid.

Ynskjer alle ein strålande start på veka.




fredag 28. januar 2011

Sunnfjordbunad og Kystdrakt

Bunadsesongen nærmar seg.
Etter forespøurnadane å dømme,
kunne eg sydd bunad kvar dag, heile året.
Men det hadde vorte for kjedeleg,
det er so mykje anna som er kjekt å lage òg.

Denne bunadlommen har eg sydd,
og den er no på vei til mottakar.
Den høyrer til Sunnfjordbunad, for dei som lurer på det.
Blir enda finare når sølvkroken blir montert på toppen :)



Denne Sunnfjord-bunaden skal eg sy ny stakk til.
Den er ganske gammal, men skal no få
pryde ein konfirmant til våren.
Broderiet er i andre fargar enn dei brukar no,
so eg har kjøpt garn som passar til orginalen.
Blir spennande..


Her er ferdig brodert stoff til Kystdrakt.
Det er ikkje eg som har brodert.
Denne òg er til ein konfirmant,
og det er bestemor til jenta som har brodert.
Denne skal eg sy ihop.
Skjorte, seleskjørt og sjal.
Blir moro, for slik drakt har eg ikkje sydd før.

Ha ei flott helg :)


søndag 25. april 2010

Det var det :)

No er maljedukane sydd på.
Har lagt eit lyst stoff inni vesten, på prøvedokka,
litt betre å sjå detaljane enn med burgunder bakgrunn.


Beltet er det einaste her som ikkje er heilt tilpassa.
Må gjerast når jenta har bunaden på.


Lommen har fått plass, hektast i skjørtelinningen.


Beltebandet rekk heilt ned på banda nede på skjørtet.


Vips...no er den ferdig :))

Var litt vemodig å levere den ifrå seg.
Men mottakar er fornøgd,
og det er det viktigaste.


Ha ein kjempefin dag vidare.


fredag 23. april 2010

Fortsettelse


Andre kapittel i bunadprosjektet mitt :)
Nevnte det ikkje i forige innlegg,
men bunaden er ikkje til meg.
Den er bestilt til ei som skal konfirmerast no i mai.
Her er brodert lomme som skal henge i beltet på bunaden.


Underskjørt med svarte fløyelsband nede langs kanten.


Har brodert maljedukar til vesten.



Vesten har flotte handvevde ( ikkje vevd av meg )
band i ryggen-



- og på framstykket.

Nok for denne gang.
Bilder av ferdig bunad kjem i neste innlegg.

Det er ein del rot i bakgrunnen i bileta.
Har innstalert meg i eit lite brukt soverom so lenge,
i påvente av ein anna plass å ha alt sy-styret mitt på.
Har noko på gang på det området...


Ynskjer deg ei strålande helg.


Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...