mandag 30. mai 2011

Hylle



Denne hylla har eg fått etter bestemor.
Den har lenge vore brukt til skruar ol,
og havna under div rot og nesten gløymt..
Men etter å ha sett fleire slike på nettet i det siste,
kom eg på at eg òg har ei slik.
Den vart tatt inn igjen i varmen,
vaska og stelt.
Og no står den på kjøkkenbenken,
med litt fleire skuffer fylt enn det bildet viser.
Manglar disverre dei runde boksane,
men det passa godt med vinflasker i dei største hola.







torsdag 26. mai 2011

Rakved



I påska kom datter vår heim med noko stort, flatt,
innpakka i bossekk.
Spenninga var stor då eg skulle få gleden av å opne opp.
Inni var denne glassramma, godt nedslitt av sjø og veir.
Ho hadde funne den i ei fjære, då ho var på påsketur.
Hatt den med seg på buss, hurtigbåt og ferje,
so eg skulle få den.
Det var stor glede i heimen då eg såg denne,
har lenge ønska meg ei slik.


No har den stått ute i regn og vind,
og er komt i hus til tørk.
Gler meg til å sette i gang å klargjere den,
kjem bilder seinare av resultatet :)




Vi har òg vore i fjæra her heime å plukka rakved,
alltid like spennande på slike turar.
Her har eg fått ny oppbevaring til zaloflaske og oppvaskkost.
Ein teboks med rakved rundt.




Og kamuflasje til håndsåpe på badet.
Begge desse er det dotter vår som har laga til.
Vi er begge ganske inspirert av GundaM,
som får til det utrulegaste av det utrulegaste :)



tirsdag 24. mai 2011

Lue



På revyen vi hadde i april,
skulle vi ha med bla ambulansefolk.
Då måtte eg prøve å strikke slike fine luer som
dei som kjøyrer ambulansebilen i vår komune har.
Trur dei vart ganske lik,
men i allefall vart dei brukt i revyen.

Gler meg til vi skal spele den opp igjen på øya`s
Krabbefestival i slutten av juli.











torsdag 12. mai 2011

Redesign

På redesignkurset eg var på tidlegare i år,
begynte eg på ting eg ikkje rakk å fullføre då.
No har eg fått dette ferdig.
Fann ei gammal hullete strikkejakke,
og eit vidt skjørt som eg fekk av ei dame for mange år sidan.
Og som eg ikkje har greidd å kaste.
Skjørtet er i fint ullstoff,
so det har fått ligge, kunne jo få bruk for det ein dag :)


Det var med tungt hjarte eg klipte sund jakka
som mor mi strikka for mange år sidan.
Tenk å klippe sundt so mykje arbeid..
..men det skulle jo bli til noko nytt,
so eg trøsta meg med det.


Ein liten detalj, både til pynt og nytte.
For bak denne og ein til er det hull i det som var jakka.


Her har vi då denne fotomodellen igjen..
Kjole vart det i allefall,
og eg vart so fornøgd med den,
at eg trur eg kjem til å bruke den òg.
Må berre vente til høsten, det vart eit varmande plagg.




Bak har eg stesja den opp med ein liten detalj.

Inspirasjon til denne kjolen fekk eg her,
der er mange flotte kjolar laga av strikk og ull.
Ei side som er vel verdt eit besøk.





søndag 8. mai 2011

Tunika



Til påske sydde eg meg tunika.
Stoffet kjøpte eg hos SømBeem på Askvoll,
vår lokale sybutikk.
Gjekk inn der berre for å sjå..
..men då eg kom over dette stoffet,
måtte eg berre kjøpe :)
Stoffet er chiffong,
fora med jersey, eller t-skjortestoff, som eg kallar det.
Foret er sydd som ein smal kjole,
men sjølve kjolen er vidare nede.
For so å strekke foret i nederkant og sy det til kjolen,
då blir det fin balongeffekt.
Har sydd på lukkekant rundt hals og ermer,
so for og kjole heng ihop oppe òg.

Eg ha litt problem som fotomodell,
greier liksom ikkje å stå i ro..
Likar meg best bak kamera.
Men, men, eg er som eg er :)


Kanskje best eg set meg ned :)

Ha ein fin dag vidare.


torsdag 5. mai 2011

Hekla gevinstar

Vart inspirert av Tovepia, og ville prøve å lage slike sett eg òg.
Dei vart ikkje so fine som hennar,
men eg vart sopass fornøgd
at eg kunne gje dei som gevinst på basaren eg skreiv om i forige innlegg.
Her er ein liten del av det eg gav som gevinst.


Måtte lage eit sett i påskefargar òg.


Garnpakke til desse har lagt i "tølene" mine leenge.
Sidan eg no prøver å bruke av det eg har,
i staden for å kjøpe nytt heile tida,
hekla eg desse som òg havna på gevinstbordet.
Mønster er frå boka HEKLING I SOMMERSOL,
med litt forandringar.
Garn: Hubro frå Dalegarn og pinne nr 8.

Har ikkje vore flink å besøke andre bloggar i det siste.
Har prioritert å bruke den tida som går til datasurfing,
til å gå turar i fjellet heromkring.
Treng litt mosjom
etter ein stillesittande vinter og vår med bunadsaum ol.
Men skal nok ta meg ei bloggrunde om ikkje so lenge.
Takker for alle fine komentarar på innlegga mine,
det er alltid like koseleg.




tirsdag 3. mai 2011

Jubileum

Palmesøndag hadde Sneklokken Redningsforening
her på øya sin årlege basar.
Sidan vi har 80 års jubileum i år,
hadde vi mange gode kaker til kaffien.


Det kom nesten 200 personar på basaren vår.
Det var underhaldning av bla Atløykoret,
dei står og syng i bakgrunnen av bildet.


Mange flotte gevinstar,
både kjøpte og heimelaga..


..Og eit kakebord,
med nok kaker til alle, og vel so det :)
Vi fekk inn nesten 40 000.- denne ettermiddagen.
Kjempekjekt å lage til basar for Redningsselskapet,
når folk stiller opp å støttar ei slik god sak.


søndag 1. mai 2011

Kystdrakt

Då er Kystdrakta levert.
Her er detaljar av krage og mansjett på skjorta,
kan ikkje skryte på med broderinga.
Det er bestemor til konfirmanten som står for.


Det har vore ein spennande prosess,
sidan det er første Kystdrakta eg har sydd.
Men det følgte med sømforklaring, steg for steg,
so dette gjekk greit.


Lomme må til,
denne med flott lyngbroderi på.


Samme motiv på smekke.


Her er ferdig drakt,
Skjorte, stakk, belte m lomme, sjal og cape...


..Med flott broderi i ryggen.
So er det å sjå om den passar til jenta.


Jess, den satt perfekt.
Litt uklart bilde, tatt m mobil i sterk sol.



Fin jente i fin drakt.
Ynskjer ho, tvillingbroren og resten av familien,
ein flott konfirmasjonsdag 8 mai.


Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...