Viser innlegg med etiketten teppe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten teppe. Vis alle innlegg

fredag 13. juni 2014

Bilstrikk




I fjor haust skulle eg og kallen på biltur nokre dagar.
Det første eg tenkjer på når eg skal på tur er kva handarbeid eg skal ta med..
Måtte ha noko som eg kunne strikke på og samtidig nyte alt det flotte rundt oss når vi kjøyrer langs vegane.


Då valgte eg å legge opp eit teppe eg har tenkt på ei stund.
Hadde ein pose garn eg hadde arva ei tid tilbake,
valgte fargar, merkte nøster med nummer og fann fram rundstrikkepinne.
So var det klart 
:-)

La opp tre masker i blått, auka ei maske ( med eit kast)
 på kvar side av midtmaska på annankvar omg.
Skifta farge og mønster etterkvart nøsta var oppstrikka.
Enda opp med fleire hundre ( hugsar ikkje talet) masker på pinnen før avfelling.
 

Ikkje før på vårparten i år var teppet ferdig.
Gjekk lei innimellom, og då måtte eg ta fram andre prosjekt ei stund.
Ferdig måler teppet 160 cm x 160 cm, og veg 496 gr.

Det vart gitt som gevinst til basaren, som foreninga eg er med i, 
held kvart år for redningsselskapet.


Har enda nesten like mykje garn igjen som det eg brukte ttil teppet.


Garnet er mjukt og lett.
Heiter SILKE-TWEED
52 % silke og 48 % lammull


Planen er å strikke eit til.
 Men då kanskje begynne i midten og auke i fire hjørner utover.


Med 438 gram skal vel neste teppe bli nesten like stort som det eg har vist her :-)

Takk for at du såg innom, og ha ein fortsatt fin dag.



tirsdag 29. oktober 2013

Må bruke opp alle restane




Av restane etter teppet eg hekla tidlegare,
har eg laga ei pute.



Baksida er svart, og i sida har eg "snøra" opninga saman med ei hekla snor.
Greit å kunne ta ut innerputa om trekket treng vask..



Då var teppe og pute klar for levering.
Eller, det vil sei:  puta og teppet ER levert,
det er berre eg som ikkje kjem so langt å blogge når bilda er tatt :-)





fredag 9. august 2013

Eit teppe til




I fjor sommar fekk eg påbegynte handarbeid,
 garn og handarbeidsutstyr etter ein slektning.
Blandt anna var der garn, mønster og nokre få  ferdig hekla firkanter.
Har brukt noko av våren og sommaren til å hekle resten av dei.



Då alle firkantane er ferdig hekla er det ein del trådendar som skal festast,
 ikkje det kjekkaste, men slikt må også gjerast skal ein komme vidare i prosessen :-)
Men kjekt å hekle i slike friske fargar.
 Den grønne fargen kjem ikkje fram skikkeleg på bildet.




Her er teppet ferdig møntert, vaska og tørka.
 Hekla i Ullteppegarn, 
vekt 710 gram,
mål 120 x 170 cm





onsdag 17. oktober 2012

Teppe


Endeleg vaska og klart til levering.
Har vore ferdig i fleire veker, men no først har vi hatt nokre dagar opplett
so eg har fått tørka det litt ute.

Dette teppet er til vår eldste sønn som tidlegare fortalt har kjøpt seg eige hus.



Teppet er strikka i Rubin.
Måler 140 x 200 cm, glatt mål.
Vekt 1620 gr.


Dette er tredje teppet eg laga i dette mønsteret,
er enda ikkje lei, so kanskje det blir fleire etterkvart..
Remsene er hekla ihop.


Ynskjer deg ein strålande haustdag.





lørdag 8. september 2012

Teppe

Endeleg var det veir til å ta bilde av teppet ute.
 Satt sammen av 90 heklaruter og med ein blondekant rundt, 
er eg vel fornøgd.


 

Har brukt 1980 gr Rubin Superwash.
Og teppet måler 180 x 150 cm flatt mål.

 

Dette er andre teppet eg har hekla  i dette mønsteret.
Her er det forige eg laga.

Ha ein super laurdagskveld.



 



fredag 20. januar 2012

Nytt teppe



Starta med nokre nøster Sandnes mini palett.


Etter 88 ruter hekla eg blå/grøn kant rundt dei.


Her er dei uten den blå/grøne kanten.
Var spent på korleis dette skulle bli til slutt.



Ein del timar seinare er teppet hekla ihop,
hekla rundt, vaska og tørka.




Det vart kvikkare i fargane når eg fekk den
blå/grøne fargen mellom rutene,
synest eg.


Garn: Sandnes mini Palett
Vekt:670 gr
Flatt mål: Ca 175 x 130 cm

Har ikkje vore gjort so mykje anna
handarbeid etter nyttår enn dette.
Var bestemt på å få dette ferdig først,
før eg tok til på noko anna.
Har minst to tepper til i planane mine,
eit av dei MÅ eg ha ferdig til høsten..
Men det skal gå bra,
artig handarbeid dette.







tirsdag 29. mars 2011

Teppe

Heklateppet er ferdig.
Herleg å få brukt opp noko av alt garnet eg har liggande.


Garn: NOPPÈ BOUCLE - eit Jakobsdalsgarn.
70 % ULL, 30% AKRYL.
Målet på teppet er ca 1 x 1 m.
Vekt 390 g.

torsdag 16. september 2010

Nytt teppe

Då er teppet ferdig.
Dette har vore eit kjekt arbeid.
Og greit å ha med i veska,
for meg som MÅ ha eit handarbeid med meg kvar eg går.
Kan jo få tid til overs..


90 ruter.
Garn: Rubin.
Vekt: 1900 gr.
Mål: ca 200 x 150 cm
Mønster: inspirert av dette,
og kanten rundt fann eg i ei bok med dukmønster.


Freistar nesten å begynne på eit nytt.
Men må nok gjere ferdig andre planlagte prosjekt først.


tirsdag 1. juni 2010

360..

Etter 360 sekskantar + to hekla runder rundt heile teppet,
3.060 kg garn ( ca 61 nøster ),
og litt tolmodigheit, er teppet ferdig :))

Målt liggande ca 2,20 x 1,70 m.
Men trur det vart ein del større,
når eg hengde det opp for å ta bilete av det.

Var ferdig med det for ei veke sidan,
men no forst er det vaska og klart for fotografering.

Dette har vore eit kjekt arbeid,
no er det berre å finne ut korleis neste teppe skal sjå ut:)
Gler meg å begynne på eit nytt.




fredag 12. februar 2010

Ferdig med teppet.

Då er teppet ferdig.
Har i grunn vore ferdig nokre dagar,
men no først vart det fotografering.
Måla er ca 130 x 140 cm, liggande flatt,
men det er ganske elastisk.


Har planar å strikke ei pute til teppet,
hadde sikkert vore fint med teppe og pute i samme mønster.

Ha ei kjempefin helg,
og god morsdag til alle mammaer :)



lørdag 5. september 2009

Sengeteppe

Var ein tur hos mine foreldre i dag.
Tok ein kikk på gamle bilder ol, og kom over dette teppet.
Dette brukte mine besteforldre som sengeteppe, og er over 70 år gammalt.
Mor mi hugsar det frå ho var ganske liten.


Nærbilde at midtpartiet.
Fargen på teppet er lys gul, ( ikkje so godt å sjå på bildet )
og er hekla i bomullsgarn.

Har eit kg kvit baby bomull liggande,
fekk lyst til å lage eit slikt teppe av det garnet.

Enkelt og fint mønster.


Det sitter eit ekkorn i kvart hjørne.

Joda, dette må eg nok få til....
God lørdagskveld til alle som besøker bloggen min.

mandag 24. august 2009

Strikka teppe

No er eg ferdig med teppet :)


Mål: 130 x 180 cm ( liggande flatt )
Men er ganske elastisk både i lengd og breidd.
Brukt nesten 20 buntar garn ( ca 2 kg )

Ganske fornøgd med dette.
Kjem nok til å lage fleire,
men no er det mykje anna som ventar på bli produsert :)

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...