mandag 31. oktober 2011

Oppskrift

Det har vore spørsmål om eg vil dele oppskrifte på desse vottane.
Tenkte eg kunne skrive ned opplegg, felling mm,
so kan ein stripe i vei med dei fargane ein har/vil ha.

Str 2/4 år og( 6/8 )i parantes.
Eg har brukt Viking Superwash og anna garn med strikkefastheit ca 23m.
Pinnar nr 3 og 3 1/2.

Legg opp på strømpepinne 3,
36(40)m og strikk 2 rett og 2 vrang 6 cm.
Skift til pinne 3 1/2 og strikk ca 3 cm glattstrikk.
Strikk inn ein tråd over 6 m til tommel.
Når votten måler 5(6)cm frå tråden for tommel.
Fell votten i kvar side slik:
Strikk 1m, så 2m sammen, strikk ut pinnen.
På 2. pinne strikker du til det er 3m igjen.
Ta 2m sammen og strikk den siste m rett.
Deretter felles det på 3. pinne som på første pinne
og 4. pinne som på andre pinne.
Denne fellingen gjentas til det er 2 m igjen på kvar pinne,
trekk ein tråd gjennom desse og fest godt.

TOMMEL:
Ta ut tråden og ta opp 12 masker på 2pinner nr 3 1/2 + 1 m i kvar side.
(Eg brukar 4 pinnar, får ikkje til å strikke rundt på 2 stk)
Strikk tommelen ca 3 cm og fell av 2m i begynnelsen av kvar pinne.
Når det er 2m igjen på kvar pinne, trekkes tråden gjennom.
Den andre votten strikkes tilsvarende, men med tommelen på motsatt side.

Dette er eit gammalt mønster eg har funne.
Håpar det kjem til nytte for nokon :)
Lykke til.






tirsdag 25. oktober 2011

Smånøster må òg brukast

To par vottar av div smånøster.
Godt å få bruke opp av desse småendane
som blir til overs etter større prosjekt.
Og kjekt å sette ihop fargar,
nokon passar godt ihop og andre er mindre vanleg å sjå saman.
Men vottane er like varme uansett farge :-)


I dag kunne eg ta bilder ute i sol.
Har hatt nokre milde,solrike men vindfulle dagar.
Herleg med fint høstveir.





søndag 23. oktober 2011

Greidde det til slutt.

Yes, der fekk eg det til.
Veit ikkje om det er heilt rett,
men er fornøgd med resultatet :-)
Har kjempa ein del med desse,
men med gode hjelpere vart det lettare.
Stor takk til SOLSAUM som ville prøve ut mønsteret for å hjelpe meg,
Og til FRU KEILEGAVLEN,
som kom ho i forkjøpet å sende meg litt av oppskrifta på norsk.

Det var kjempekjekt å endeleg få det til.
Har planar om fleire slike,
synest dette mønsteret er nydeleg.











tirsdag 18. oktober 2011

Kunststrikk

Dette ga meirsmak.
Har strikka duk for andre gang,
og det er sikkert ca ti år sidan den første.
Då freista det ikkje å strikke fleire..
Kjøpte garn på Domus i Førde for to veker sidan i dag.
Lørdag kveld hekla eg den av,
og søndag strekte eg den på isoporplater.
Mål: 70 cm i diam.
Garn: mandarin heklegarn frå SandnesGarn.
Fargen er litt mørkare lilla enn på bildet.
Ikkje lett å få orginal fargen fram på foto.




søndag 16. oktober 2011

Hampvott

Har endeleg fått prøvd noko eg har hatt i tankane ei stund.
Strikke hampvott var noko anna enn å strikke duk med tynne pinnar og tynn tråd.
Er foresten ferdig med duken eg visste i tidlegare innlegg.
Må berre strekke den før det blir bilde.


Kjøpte tau/hamp på Biltema for ei stund tilbake med dette i tankane.
Hamp skal vere bra for å få vek døde hudseller,
det merkar eg på fingeren som "tråden" glir over.
Måtte strikke litt kvar dag, ellers hadde eg vore hudlaus på den :)


Mens eg strikka tenkte eg på sammansyinga,
og fann ut eg skulle hekle den ihop med bomull sport i ein anna farge.
Har mange smånøster liggande av den sorten,
greit å få bruke av dei òg.
Vart ganske fornøgd med denne.
Har planar om å lage såpe til den òg,
men det får tida vise.






onsdag 12. oktober 2011

Oter på tur

Denne karen kom springande mot meg på vegen,
då eg var på vei heim frå min daglege trimtur.
Det er ca ein halv kilometer frå sjøen,
og han sprang oppover frå sjøen..
Til venstre på bildet går ei elv nedover dalen,
og då han kom litt lenger opp svinga han av og sprang mot den.


Desse mobilveskene har lagt lenge å venta på navnelapp og trykknapp.
Eg likar ikkje å må sitte med slikt "dill" for å få dei ferdige.
No ligg dei på kjøkkenbordet, so gjer eg ferdig ein etter ein litt etter kvart.
Det er jo ikkje so lenge gjort når ein først begynner.


Dei hadde vel vore ferdige fortare hvis eg hadde nok trykknappar på lager.
Men blei lagt vekk til eg hadde kjøpt meir,
og då var eg jo begynt på noko nytt og spennande handarbeid.


Har vurdert å sette i borrelås i staden for,
men dei er enda verre å sy i for hånd..




mandag 10. oktober 2011

Redesign

Forige helg var det redesignkurs igjen,
og eg var selfølgeleg med.
Vanskeleg å bestemme seg for kva ein skal begynne på,
har so mange planar om div gamle kle som skal fiksast på.
Denne gang var det ein avlagt julekjole m paljettar,
og ein tunika/sid jakke etter bestemor som fekk saksa i seg.
Kjolen har eg brukt berre ein gong, likte ikkje fasongen,
men stoffet er jo artig, glitrar som berre det :-)


Tunika/ jakka etter bestemor har eg hatt liggande enda lenger.
Og endeleg fekk eg nytte litt av den.
Fann ut desse stoffa passa fodt ilag.




Her er i allefall ferdigsydd kjole.
Klipte av ermene,
laga nytt bærestykke 0g sydde den inn.


Det var litt for kaldt å ta bilder ute i dag,
men sola skin, og det måtte vi få med.


Bak har eg sydd innsnitt og tatt litt inn i sidene.
So no er julekjolen klar i god tid.

Takk for velvilje til å hjelpe meg med heklinga i forige innlegg.
Kjem igjen med bilder når eg har fått det prosjektet ferdig.
Eller kanskje før..



fredag 7. oktober 2011

Hjæælp!!

Er det nokon som kan hjelpe meg?
Har lenge hatt lyst å lage pulsvarmarane: Elf clobber.
Å lage noko etter engelsk oppskrift,
er noko eg aldri har prøvd.
Gjekk bra so langt ( bildet øverst )
men når eg skulle hekle, vart det berre oppattrekking..
Dette får eg ikkje til :-(
Er det nokon som kan forklare meg første partiet på hekleborda?


Manglar ikkje handarbeid mens eg grublar på pulsvarmarane eg ikkje får til.
Her er eit lite glimt av andre prosjekt som er i sving.
Strikkar hyssing/tau på pinne nr 5..


Prøver meg på kunststrikk.
Har strikka ein duk før, for mange år sidan.
So det var artig å prøve igjen.
Tynt garn og pinne nr 2.


Har alltid eit nøste Palett og heklenål i veska,
so det blir nokre heklaruter i løpet av veka òg.
På ferje, i bil og ellers når det er ei ledig stund :)
Var òg godt å ha når vi kjøyrde til Førde her om dagen,
kom over asfaltlegging med opptil ein time venting for å sleppe forbi.
Men ingen fare, kosa meg med handarbeid den stunda, eg :-)

Kjem på fleire handarbeid som ligg nesten ferdig,
men dei har eg ikkje bilde av.
Kanskje eg skal ta å gjere dei ferdig..

Ynskjer deg som er innom ei kjempefin helg.




Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...