torsdag 30. mai 2013

Vid og flagrande


Eit par dagar før eg skulle til Bergen å besøke datter vår,
fann eg ut at eg måtte sy meg ein topp.
Ein føremiddag før eg skulle på seinvakt på Coop`en,
sydde eg denne.
Gjekk ut ifrå ein liknande topp eg hadde frå før.
Og med litt forandringar i fargesammensetting, sidde mm,
blei eg godt fornøgd.




Bak sette eg på ein glidelås til pynt, 
og belegget i halsen er restar frå eit tidlegare verk.
Stoffet i toppen er nokre restar eg kjøpte på Stoff & Stil for tre år sidan.



Rask og grei å sy.
Herleg å ha på med ein smal topp under.
Har brukt den mykje allerede.



Og her eit bilde av ein av dei flotte solnedgangane vi har hatt i det siste.
Dette knipsa eg  i tolvtida i går kveld.
 



søndag 12. mai 2013

Nytt liv som lysglass

Etter ei lita runde i bildesamlinga mi,
 fann eg div eg ikkje har fått blogga.
 
Her er bla gamle fløytemuggar og sukkerskål eg har funne etter mine besteforeldre.
I dei si tid var vel slike i bruk dagleg, men no står dei for det meste i skapet.
Har ein som eg leitar fram om det er nokon som treng fløyte/melk i kaffien,
men fleire trengs ikkje til slikt bruk.



Men slike fine skattar må komme fram i lyset... som feks lysestaker/lysglass..
Den fjerde, litt høge med lys i er ein liten vase.



Koseleg lysfat når det skumrar.
 
Har òg plukka fram bla ungdoms/barnebilder av mine foreldre,
og eit av mi mormor.



torsdag 9. mai 2013

..og ein til.



Den andre og siste sunnfjordbunaden eg har sydd so langt i år,
 er klar og levert.
Den dagen eg skulle ta bilder av den var det både snøbyger og sterk vind,
so det vart innebilder som slett ikkje blir so bra som utendørs fotografering.



Her har eg ikkje brodert meljedukane,
 det har bestemor til jenta gjort. 
Då er to konfirmantar klar til sin store dag til helga.

 



 Eit bilde frå då eg arbeidde med bunadane.
 Her ligg dei to stakkane til bunadane eg har sydd,
ferdig folda og tråkla og ventar på å bli sendt til damping.

Takk for besøk og komentarar på innlegga mine.




søndag 5. mai 2013

So sikkert som våren..




Denne våren har det meste av ledig tid gått med til bunadsaum.
Noko som er eit sikkert vårteikn.



Her er første bunaden klar for levering.
Fekk nokre timar fint veir so eg fekk ta bilder utandørs.



Meljedukane er mor til konfirmanten som har brodert.





Kanten nede på stakken står bestemor til jenta for.




Lommen har eg heller ikkje brodert.
 Men  montering og brodert kant rundt er det eg som har utført.


I går fekk eg tilsendt bilde av den flotte konfirmanten som prøver bunaden.
Stor stas når mottakar er strålande fornøgd.

Ynskjer dei ein fin dag på konfirmasjonen den 12 mai.



Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...