tirsdag 29. mars 2011

Teppe

Heklateppet er ferdig.
Herleg å få brukt opp noko av alt garnet eg har liggande.


Garn: NOPPÈ BOUCLE - eit Jakobsdalsgarn.
70 % ULL, 30% AKRYL.
Målet på teppet er ca 1 x 1 m.
Vekt 390 g.

mandag 21. mars 2011

Åttebladrose

Åttebladrose kan ein bruke til so mangt...



...På slik ein kald vår,
er det godt med ulltruse...
Her er baksida.


Som du ser, er dette herretruse :)
Såg slike på nettet for lenge sidan,
men det var ikkje lett å finne mønster.
Heldigvis fekk eg låne ei,
som eg har strikka etter.
Har foreløpig ingen plan om kven som skal få den,
måtte berre prøve å strikke ei :)


Har strikka den i Viking Frøya,
so den varmar nok godt.

Hm.. når eg ser på bileta no,
ser eg at eg har strikka åttebladrosa feil...
Ja,ja det var no berre eit prøveeksemplar :)
Hugsar heilt sikkert å sjekke at den er rett
neste gong eg strikkar åttebladrose.

Ha ein fin dag!


torsdag 17. mars 2011

Det nærmar seg..

No er eg endeleg komt godt i gang med bunadproduksjonen.
Eg arbeider best under press,
på fritida mi er det bunad, kystdrakt
og foreståande revy med mange øvingskveldar som gjelder.



Det verste er gjort på bunaden,
og stakken er klar for damping.


tirsdag 15. mars 2011

Ny kjole/tunika

Har sydd meg kjole / tunika
av stoffet eg kjøpte på Trapp Ned i Førde.
Dekor, lommer og lukning var slikt
som eg bestemte etterkvart eg sydde.




Bak sydde eg på litt av det einsfarga stoffet og kroklisse.
Kroklisse sette eg òg på nederst, men ikkje rundt heile kanten.
Den ser litt rar ut i fasongen på dette bildet,
kanskje eg knipsa bildet frå feil vinkel.


Ein liten løpegang med snor bak i ryggen,
for å holde inn litt på vidda...


... og løpegang og snor i kanten nede.
Var so heldig å få tak i langerma tynn genser i samme blåfarge som stoffet,
greit å ha no framover våren.


søndag 13. mars 2011

Underskjørt

Underskjørtet til Sunfjordbunaden er klart.
Det gjer at stakken på bunaden heng finare på.
Og so er det meir behageleg mot huda enn ulla i stakken.

I dag skal eg på langøving med revydamene,
det nærmar seg 2 april og premiere :)


torsdag 10. mars 2011

Småstrikk

Då vart det vinter igjen.
Kvitt landskap med nokre solgløtt innimellom.


Har strikka eit par lommetøfler,
so eg skal gje til ein person som takk for hjelp.

Har strikka dei i Ragg Soft frå Gjestal.
Mjuk og god å strikke, so likte eg godt fargane.
Håpar dei fell i smak.




tirsdag 8. mars 2011

Redesign

Har hatt ei kjempefin helg på Redesignkurs.
Der var åtte kjekke damer med gjenbruk på dagsorden.

For min del starta eg med ei utslitt uniformsbukse og ei avlagt uniformsskjorte.
Har lenge hatt planar om å lage noko av desse,
men det har berre vore utsett til fordel for andre ting.
Men no var det jo redesign, so då passa det bra å få dette gjort.



Det er veske som har vore i tankane for desse.
Klipte ut lårlommen, kanta den med noko stoff eg hadde liggande.
Litt kaffi innimellom styrkar tankane og ideane kjem etterkvart ein syr.


Skjorta brukte eg som fòr.
Der var jo ein lomme frå før..

... På andre sida sydde eg på eit erme,
fekk då logoen inni veska, men men.
Delte den med ein saum og sette glidelås i eine delen.
Ei snor med karabinkrok er greit å henge nøklar i.


På framsida sydde eg på stoffbiten med lommen på,
so fekk eg to lommar.. eg får aldri nok lommar på vesker :)


Og med skulderreima sydd på litt nede på veska,
slapp eg å lage til lukning.
Kan berre brette ned kanten.
Det var ikkje lett å stryke den glatt,
sidan det er ei godt brukt bukse eg har sydd om.

Kjem tilbake til det andre eg har fått gjort på kurset.
Og heldigvis skal vi møtast eit par kveldar til,
det var nokre inspirerande dagar.
So det er bra det blir fleire av dei.



fredag 4. mars 2011

Kurshelg

Har fått bok og materialpakke frå hobbyklubben i dag.
Blir kjekt å sette seg ned med kaffikoppen å kose meg med den.

Men på ein fridag frå arbeid er det mykje som skulle vore gjort.
Utanom dei vanlege huslege pliktene,
blir vel mest bunadsøm,
med nokre pauseinnslag med strikking
Før eg pakkar symaskin m tilbehør, gamle kle og anna,
som eg skal ha med på Redesignkurset i helga :)
Ser fram til kurset,
spennande å sjå kva dei andre har med seg og planar om å lage.
Håpar å kunne vise noko lurt i neste innlegg.


Greit å halde seg innandørs i dag,
for ute er det sterk vind og regn.

Ynskjer ei god helg til alle som besøker bloggen min.
Takk for besøket og velkommen innom igjen :)


tirsdag 1. mars 2011

Genser

Har strikka Mariusgenser til dotter vår,
den er strikka i Viking Superwash.


Den er no sendt til ho so ho får ta den i bruk.
Håper det blir fint veir i Bergen by,
so ho får bruke den framover.
Men den er no god å ha under regnjakka òg.



Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...