fredag 31. juli 2009

Nokre nye sekskantar, er komt opp i 150 stk no.


Denne flotte boka kom i posten her om dagen.
Har hatt mange herlege stunder og berre nyter alt det flotte i boka.
Vart skikkeleg inspirert her, ja:)


So fekk eg dette bladet ein dag,
kosar meg når eg ser i slike mønsterblad:)


Forige helg var det krabbefestival her på Herland.
Kjempemykje folk og stor stemning heile helga:)
Eg hadde salsbod på lørdagen, fekk tatt eit par bilder av den utpå dagen,
( heldt på å gløyme det i folkemengda )



Sydde opp div til salsboda mi.
Blir alltid sittande siste dagane å sy ,
plutseleg so mykje eg skulle ha laga før dagen er der.....
typisk meg, arbeider best under press, he he.



Har sydd to slike bukser i str 60 og 70.
Eit koseleg stoff eg har hatt liggande ei stund.
Lommer i sidene og to løpegangar, med strikk i livet.
Mønster: Alt om håndarbeide nr 5 2009.

Samme mønster i str 80.



Denne er i str 90, men gjekk tom for stripet stoff.
Klipte bakstykket i kvitt stoff og sette på stripete baklommar.




Desse to buksadressane i str 2 og 4 år, er frå samme mønsterblad.
Dei er sydd av panelgardiner eg kjøpte i vår, likte godt fargane.
Kanskje vanskeleg å sjå fargane skikkeleg på bildet.

Tre nye garnbukettar vart det og.
Greit å ha liggande som presang, eller om nokon vil kjøpe :)

søndag 19. juli 2009

Kake og babysett

Denne helga fekk eg lyst å lage kake.
Og med ferske jordbær som fristar, falt valget på bløtkake:)

Har fått strikka fedig eit babysett denne veka.
Garn i baby ull.

Knappane er sydd i, manglar berre strikk i buksa.
No ligg settet til tørk etter ein liten vask.

Når eg no ser på bildet, er eg visst ikkje ferdig likavel...
Har stramma eine knappestolpen meir enn andre,
so stripene ikkje passar saman.
Her er det berre å sette i gang å fikse feilen,
so snart det er tørka :(
KJEDELEG

mandag 13. juli 2009

So var ferien over for denne gang.
Har hatt tre flotte, regnfrie veker, so kom regnet på første arbeidsdag.
Var godt med litt regn, men håpar det klarnar opp igjen snart.

Her er ti nye sekskantar til teppet mitt.
Er so smått begynt å sy det ihop òg, trur eg blir formøgd med dette:)





Har vore på garnsalg på Husflidsbua på Askvoll i dag.
Vanskeleg å la vere å kjøpe, når der er so mykje flott garn til flott pris:))
Nokre nøster Viking Frøya er greit å ha liggande når det skal strikkast labbar.
Mjukt og godt garn.




Måtte fylle på med garn i korga til sekskantane mine og.
Viking Superwash, flott garn.
Var tom for svart bunnfarge,
og div andre fargar eg ikkje kunne gå ifrå...

Spørs om det ikkje vert fleire turar å kjøpe garn mens det er salg...


fredag 10. juli 2009

I går kveld tok vi turen rundt Brurastakken ( geologstien ),
ein flott opparbeidd sti.
Godt oppmerka med skilt og små varder,
ikkje vanskeleg å finne fram, sjølv for folk som ikkje har vore der før.


Flott utsikt utover skjærgården.
Vi er heldige som har silkt flott turtereng rett utanfor stovedøra:)


Lyngen er begynt å bli lilla og fin,
fekk ikkje fargen skikkeleg fram.
( bruker berre mobilkameraet, har ikkje anna kamera for tida )


Kom over ein del blåbær òg,
men hadde ikkje noko å plukke i....


Kan igrunn ikkje fordra å plukke bær,
men har funne ut at hvis eg vil ha blåbær, må eg plukke dei sjølv...
So i dag tok eg sekken på ryggen og rusla ut for å finne blåbær.
Skulle ikkje gå langt før eg kunne begynne å plukke, og her er resultatet.
Nesten to kg bær, ikkje verst til å vere meg:))
Er SO formøgd med meg sjølv,
og jammen trur eg at eg må ha ein tur til ein dag, å plukke litt til.
Supert å ha i frysen utover høst og vinter.

onsdag 8. juli 2009

Pakke i posten

I dag har eg fått pakke frå hobbyklubben,
heklebok og tre garnpakker:)
Mykje godt arbeid utover sommar og høst.


Hubro til tøfler,
Svale til heklenett og
Kitten mohair til trekantsjal.

Gler meg til å begynne på det,
men må no gjere ferdig nokre påbegynte arbeid først.


So eit bilde tatt vestover mot Tviberg,
etter ein liten tur på Brurastakken i går kveld :)


mandag 6. juli 2009

sommar, kaffikos og fine turar.

Nokre nye sekskantar til teppet mitt.

I går laga eg vannbakkelskringle til søndagskaffien.


Var ein tur ned til båthavna og Feriesenteret,
for å nyte solnedgangen.


I dag fekk vi koseleg besøk.
Fekk vite det i god tid, so eg rakk å lage skillingsbollar til kaffien.


Måtte berre ta bilde av desse, er veldig glad i denne fargen:)



I kveld har eg og kallen vore ein liten fjelltur.
Trur eg må gå denne turen fleire gonger,
so eg får sjå vannliljene når dei blomstrar.


søndag 5. juli 2009

Nyter sommarkveldane på altanen med strikketøy og vin:)
Flott utsikt mot nord.

Av og til er det pus som held meg med selskap.
Har strikka eit lite brunt ullteppe til ho, so ho kan kose seg på (under) :)

Forige helg var vi i Florø i bryllaup.
Dette er noko av presangen til brudeparet,
har brodert bilde med navn og dato under.


Hadde ei kjempeflott helg,
med vigsle av eit flott brudepar i Florø kyrkje...


..og vidare feiring på hotell..


Denne veka har vi hatt to fine dagar i mitt sommarparadis...
Ikkje so lange båtturen heimanfrå,
men kven treng reise lenger når vi har det so fint i nærleiken?
Utsikt får hytta mot vest og Geita fyr.


Herleg å berre vere på stranda og stikke føttene i sanden...


PÅ vei heim igjen, Brurastakken i bakgrunn.

Fortsatt god sommar, og takk for at du ser innom bloggen min:)

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...