lørdag 28. februar 2015

Liten kjole

For ei tid tilbake kjøpte eg ein god del nøster i Sandnes Duett.
Bør helst ikkje gå in på garnbutikk har eg funne ut,
garnlageret mitt veks fortare enn eg får brukt det opp..

Men no når eg er blitt bestemor er det kjekt å strikke småplagg igjen.
Her er ein kjole eg fann mønster på i Sandnes Duett hefte nr 0907.
Den passa gojenta vår på 3 månader perfekt,
og kjolen kom i bruk med ein gong :-)
 


Desse knappane fekk eg med eit blad ein gong.
Hugsar ikkje kva blad det var.
No kom dei til nytte òg.

Her er det storm og regn i dag.
Ypperleg for innekos med handarbeid :-)



fredag 27. februar 2015

Gult er kult, og nye støvlar.

Kom over nokre nøster gul sisu til halv pris,
måtte selfølgeleg kjøpe dei..
Strikka eit panneband etter oppskrift eg fann på nettet.



Her er eit anna panneband eg måtte prøve å strikke.
Ser på nettet at mange har strikka dette.
 Enkelt å lage, men blir flott resultat til slutt.
Strikkar slik til ønsket lengde..


Flettar rillene ihop..


Syr sammen og set i knapp.


Vips..Flott panneband :-)


Labbar er noko eg strikkar lite av.
Men mor mi er ein reser, brukar ikkje lange tida på eit par.
Desse strikka ho av garnet eg kjøpte, 
dei er gitt vekk til ein fornøgd mottaker.



Desse har ho òg strikka. 
Eg kjøpte eit nøste Regia-garn i fine fargar.
Etter ein og ein halv dag fekk eg melding om at labbane var ferdige.



Kjekt men labbar i fine fargar når ein har slike støvlar.
Ønska meg desse støvlane til jul,
og det var stor stas då eg pakka dei opp :-)

No har eg fleire labbar å skifte på når deg skal ut i regnet.

Ha ein strålande dag :-)




lørdag 14. februar 2015

Ugleluer

Har hekla ugleluer til vårt barnebarn.


Og ei til som er litt større, må ha noko å vekse i.
Har brukt dobbel babyull.
 Mønster har eg dikta til sjølv etter å ha sett diverse bilder på nettet.


Denne har eg strikka av ein rest frå ein genser eg laga for ei tid tilbake.
Med grå perler til auge.
Mønster fann eg her




lørdag 7. februar 2015

Spennande oppdrag.

Fekk eit oppdrag som eg ikkje hadde prøvd meg på før. 
Å sy om brudekjole til dåpskjole..


Det gjekk lang tid før eg turde å sette saksa i denne fine kjolen.
Men babyen blei født og kjolen måtte syast ferdig til dåpen.


Klipte ytterste stoffet, eit lag tyll og underskjørtet av kjolen og sette i gang.



Må syast med omtanke, 
stoffet (tyll) dreg seg lett saman i sømmen.



Nydelege broderier på stoffet,
 blir nok fin dåpskjole dette :-)



Fekk tak i nydeleg blonde som eg kunne tre sløyfe gjennom.



Brukte samme blonda i sidene i staden for å sy beltehemper for hånd.



Kjekt å få slike utfordringar innimellom :-)
Går bra når eg først kjem i gang.



Slik blei dåpskjolen til.
Er godt fornøgd med resultatet.


Oppdraget er levert, og har fått mange gode tilbakemeldingar.
Noko som varmar og inspirerar :-)

Resten av brudekjolen er intakt.
Kan foreksempel klippe av slep, 
legge opp til ønsket sidde og klees med fint stoff.
Då blir det ein fin selskapskjole,
og brudekjolen kan brukast på ny :-)
Ynskjer foreldre og vesleguten ein fin dåpsdag.




tirsdag 3. februar 2015

Småstrikk

Strikka pulsvarmere i gave til ei vennine som arbeider på Kiwi.
Har slike sjølv, i brunt, sidan eg arbeider på Coop Marked.
Varmar godt rundt handleddet når det er kanldt.


Her er første labbane eg strikka til vårt herlege barnebarn.
Strikk i grått sidan eg begynte på dei før vi visste kva kjønn det blei.


Av restane blei det eir par små vottar uten tommel.



Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...