onsdag 30. september 2009

Fornying

Har hatt denne jakka hengande lenge,
utan at den har vore i bruk so mykje.
Likte ikkje at det var kvit krage, synest ikkje eg passar kvitt opp mot ansiktet.
I sommar la eg opp eit skjørt til datter mi,
men greide SJØLVSAGT ikkje å kaste avklippet.
Dette dukka opp igjen her om dagen,
og då fann eg ut at det måtte passe ypperleg til krage på jakka mi.


Sydde stoffet på krage og ermer....


...og litt detaljar bak på ryggen.


Nærbilde av erme...


....og kragen.

Vart ganske fornøgd med prosjektet,
trur jakka blir meir brukt no enn ho har vore på lenge.

I morgon kveld reiser eg og yngstemann til Bergen,
og vidare til Oslo med natt toget.
På besøk til datter i huset.
Skal vere der nokre dagar av høstferien, som begynner neste veke.
Har tenkt å pakke med rikeleg med garn,
kan få gjort mykje fornuftig på hurtigbåten til Bergen og togturen vidare :)

Blir kjekt med ein tur, håpar på betre veir der enn vi har hatt her :)

Gler meg til ein tur.


mandag 28. september 2009

Helgekos

Fredag kveld kom dattera vår heim på besøk frå Oslo.
Blir ikkje heimtur kvar helg når ein går på skule so langt vekke.
So då laga eg vannbakkelskrans,
som vi kosa oss med etter middagen.



Forige veke strikka eg lue til ho,
etter mønster i boka Maskeball, av Tine Solheim.
Med litt forandringar,
kortare fletter og droppa toppen som skulle strikkast på lua.



Søndag sydde ho seg veske.
Fann mønster i Alt om Håndarbeide 8/09.

Fann svart stoff i lageret mitt og lyst blomstrete fòr,
som ho òg brukte som dekor utanpå.

Veska vart kjempefin, og blei med på turen tilbake til Oslo i dag.







tirsdag 22. september 2009

Meir gjenbruk

Har laga vesker av tomme kaffiposar.
Såg det innpå Trådsnella for ei stund sidan,
og fekk lyst å prøve dette.
Har fått posar frå slekt og venner,
og endeleg har eg fått prøvd å laga slike sjølv.
Denne er av coop posar....



...og her, ei av friele posar.
Artig å sy, skal nok bli fleire slike :)
Har maaange tomme kaffiposar enda,
i mange forskjellige merker.

Begge er fora med gamle gardiner,
og har lomme med glidelås inni.

søndag 20. september 2009

Ullteppeveske

Sydde denne veska tidleg i veka,
men i dag første, fekk eg dilla meg til å sy på knappane.
Det er seks lommar utanpå, og fire inni.
God plass til div småting.


Har fora den med gamle gardiner,
og pynta med div gamle knappar.
So dette er kun gjenbruk :)

Ynskjer alle ein riktig god søndag.

onsdag 16. september 2009

Solnedgang og shopping

Er veldig glad i å ta bilder av solnedgangar,
og Alden er eit populært motiv.
Dette knipsa eg på vei heim frå arbeid, mandag kveld.
Herlege fargar. Men kanskje litt uklart,
sidan eg berre brukar mobilen min som fotoaparat.


Vinterarbeid.
Var i Førde i går og kjøpte inn stoff til Sunnfjordbunad.
Skal sy til ei som skal konfirmerast til våren.
Har sydd nesten ein heil bunad før, so dette skal bli spennande...

Av og til snur bilda seg når eg lasta dei ned,
nokon som veit korleis eg kan snu dei tilbake?
Har prøvd, men utan resultat.



Kjøpte og garn til denne hua, som er i boka til Tine Solheim.
Det er so mykje flott i den boka.
Får lyst å begynne framme i boka, og strikke og hekle meg bakover :)

mandag 14. september 2009

Oppdatering

Nye sekskantar til teppet mitt.
174 stk, må vel snart vere nok....


Er begynt å sy ihop sekskantane.
Trur det blir eit stort teppe till slutt :)


To av fem sett til babyborn er fedig.


Før helga kom eg over fleire ulltepper som skulle kastast,
det greier jo ikkje eg å sjå på.
Tok teppa med heim, vaska dei, og fekk dei ut på klesnora.


Har lagt planar for desse, gler meg til å sette igang...

Ha ei flott veke alle sammen :)
Og godt valg.

fredag 11. september 2009

Den blå timen

Tok ein spasertur ned i båthavna, mellom regnbygene.
Det var begynt å skumre litt, og alt var i blåtonar.


Tomme benkar, nyvaska av maaange regnbyger.

Redningsbøyene er på plass.




Snekka vår ligg der nypussa og blank.


God plass på gjestebrygga,
klar til å ta imot båtar som vil besøke bygda og øya.

GOD HELG .

tirsdag 8. september 2009

Gjenbruk av gamle klinkekuler

Fekk lyst å vise den heimelaga lampen min.

Ingredienser: Ei fjøl, mine gamle klinkekuler, eit lysrør ,
god hjelp frå ein lokal snekker til å borre hull og ein elektrikarsønn til å montere :)
Ellers har eg sjølv mala, lima og komandert....(litt)
Og vips...hadde eg fått lys i ei mørk og kjedeleg krå i stova :)



Om dagen, går den nesten i eitt med veggen,
Har malt den i samme farge som resten av stova.



Om kvelden, lyser den fint opp i ei ellers mørk krå :)

mandag 7. september 2009

Til salgs


Lite brukt, Husquarna VIKING 936 Overlock,
til salgs.

søndag 6. september 2009

Hekling

Denne veka har eg hekla på sekskantar,
er komt opp i 163 stk no...
Må prøve å få laga minst ein for dag framover,
slik eg gjorde tidlegare.
Hadde vore greit å bli ferdig med det,
sidan eg har nytt teppe i tankane no :)
Men kommande veke må eg nok ta strikkepinnane fram igjen og,
skal dokkeklena bli ferdige...

Ha ein fin søndag, alle sammen.
Takk for at de stikk innom bloggen min,
legg gjerne igjen ein komentar :)

lørdag 5. september 2009

Sengeteppe

Var ein tur hos mine foreldre i dag.
Tok ein kikk på gamle bilder ol, og kom over dette teppet.
Dette brukte mine besteforldre som sengeteppe, og er over 70 år gammalt.
Mor mi hugsar det frå ho var ganske liten.


Nærbilde at midtpartiet.
Fargen på teppet er lys gul, ( ikkje so godt å sjå på bildet )
og er hekla i bomullsgarn.

Har eit kg kvit baby bomull liggande,
fekk lyst til å lage eit slikt teppe av det garnet.

Enkelt og fint mønster.


Det sitter eit ekkorn i kvart hjørne.

Joda, dette må eg nok få til....
God lørdagskveld til alle som besøker bloggen min.

onsdag 2. september 2009

Ut på tur :)

I går ettermiddag letta regnet nokre timar,
og det var muleg å gå ein tur utan å ta på regnkle.
Er so heldig å ha flott turterreng rett utanfor huset.
Tok turen opp på ein liten fjelltopp , kom over mange fine soppar.


Etter mange dagar med regn, var stien full av vatn mange stader.


Sola prøvde å komme gjennom skydekket,
her ligg ei stor tung sky over Alden.

Møtte på nokre sauer som ville helse på...


Var nett inn i ein liten skog.
Likar stemningen inni slike skogar, stille og uberørt.


Mykje rognebær i år.
Då blir det vel lite snø til vinteren.
" mykje rognebær, lite snø. " har eg høyrt.
Mens andre seier " Mykje rognebær, mykje snø ".

Vi får vente til vinteren å sjå kven som har rett :)



Heime igjen i eigen hage.
Georginene mine har overlevd alt regnet og vinden vi har hatt.

tirsdag 1. september 2009

Dokkekle

Dokkekle på bestilling.
Ferdig ( nesten ) med eit av fem slike sett til babyborn.
Har ikkje fått kjøpt knappar enda.
Mønster: Sandnes Dukkehefte 0005
Garn: Smart

Har heller ikkje dokke å bruke som modell,
er nokre år sidan den er lagt på loftet.
Får sjå ettekvart om eg får låne ei som eg kan få ta bilde av,
har som sagt fire slike antrekk igjen....

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...