onsdag 27. november 2013

Genser

Etter ynskje frå yngsteguten vår (snart 20 år), har eg strikka denne gensaren.
Han hadde funne mønster her, so eg kjøpte mønster og håpa på det beste.
For første gong har eg strikka etter engelsk mønster,
men det var enklare enn eg hadde trudd.
Kjøpte anna garn enn det som akulle vere.
Brukte Puno frå Rauma, eit drygt og lett garn.
Genseren veg ikkje meir enn 366 gram, 
og det er ikkje mykje for å vere ein voksen str.


Her er bilde av ryggen.
Gensaren blei bra den, kjekk å strikke med mykje telling. Ikkje ein omg var lik.
 Men den var desverre ikkje heilt passeleg :-(
Det var berre ein str i mønsteret, og eg strikka den i håp om at den skulle passe.
Var ikkje enkelt å forandre lengd og vidde undervegs.

Men no skal eg sette meg ned å prøve å forstørre mønsteret litt.
For gensar som passa skal han få, om det tek litt ekstra tid å vente på den..




søndag 24. november 2013

Lage noko av noko..

Ei dame kom med desse to plagga som ikkje var i bruk lenger, 
og lurte på om eg kunne lage noko anna av dei.
Vesker var ynskjeleg.
Dei vart liggande ei god stund før eg kom på gli
 og ideane dukka opp etterkvart eg arbeidde meg fram.



1. Handlenett er i vinden no har eg forstått.
La frakken flatt og klipte ut stykket der framlommane er.
Sydde igjen kneppinga framme og spitten bak, og sydde veske/nett av det.
Då blei det to lommar framme på veska.



Foret er det som var i frakken,
det følgde med då eg klipte ut stoffstykka.
Nøkkelsnor har eg festa i sidesaumen.



2. Skulderveske i `skinn`( frakken er ikkje ekte skinn ) 
med litt pynt av jakkestoffet.
Denne er laga av eine ermet på frakken.


Denne veska har fått glidelåslukning.
Foret m glidelåslomme er av eit putetrekk eg kjøpte på 
Kremmerhuset ein gang eg kom over salg der.
Og selfølgeleg nøkkelsnor her òg.
 



3. Skulderveske med knappelukning.
Her har eg gått ut ifrå eit mønster i eit av høstens `Alt om handarbeide`
 Brukte stykket på frakken (bryststykket)som var over det eg klipte av til nettet.
 



Lommestykket er kragen av jakka.



Bakstykker er skulderstykket på frakken.



Her har eg fora med ein gardinrest, 
og laga glidelåslomme i overgangen av foret og belegget i veska.



Skulderreima er eit grovt band, 
er ikkje sikker på kva ein kallar det..
Dekorerte med litt jakkestoff på sidene og litt
 `skinn`på toppen slik at den heng betre på skuldra.





4. Då eg hadde klipt krage og ermer av jakka
 og den låg framfør meg med berre ermer av for,
synest eg den måtte få svarte ermer.
Ser i katalogar og butikkar at det er noko som blir brukt ein del no.
Fann litt skinnimitasjon i lageret mitt og sydde to ermer og ein kant rundt halsen.
Sprette av trykknappane som var i jakka og sette på ein svart grov, delbar glidelås i stadenfor.



I bakre ermesømmen sette eg inn ei stripe av jakkestoffet.
 
 

Vart godt fornøgd med resultatet.
Kjekt å få slike oppdrag når eg får frie tøylar, og ingen tidsfrist :-)
Slikt må gjerast når ideane kjem. 




lørdag 9. november 2013

Fleecedressar




Fekk i oppdrag av ei bestemor å lage dressar til 
barnabarna av dette lyseblå litt lodne fleecestoffet.
Leitte i div mønsterblad, og fann dette mønsteret i
 Alt om håndarbeides Sy magasin nt 10- 2011.




Kjøpte fòr og glidelås, og sydde desse dressane.
 Ein i str 1/2 år og ein i str 2 år.
Greie å sy, likte fasongen på desse. 
Har nokre meter liknande fleece liggande, men i andre fargar,
 har planar om å sy fleire slike dressar av det.



Fann eit jerseystoff i artig mønster som eg fòra dei med.



tirsdag 5. november 2013

Rask bursdagspresang



Var bedt i bursdag her om dagen, 
og visste ikkje kva eg skulle ta med som presang.
Kom på ar vedkommande tidlegare i haust hadde bestilt tøflar hos meg.



Tok eit dykk i garnlageret mitt, der var det ikkje system lenger.
Må nok ta meg tid ein dag å sjå over og sortere litt der ja..

Fann no to nøster Viking Raggen og strikka desse tøflene i dobbelt garn på pinne nr 6.
Litt nylon i dette garnet, so dei skal tole litt bruk.
Og so slapp eg å tove dei, det har eg ikkje heilt kontrollen på :-)



Har hekla rundt kanten med Puddel.
Kry av meg sjølv.. greidde å strikke desse på ein dag, 
pluss ar eg var på arbeid nokre timar ( 1/2 dag) og fekk gjort litt anna i heimen.




Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...