tirsdag 24. april 2012

..Og enda ein..

Denne t-skjorta fekk eg i fjor når vi hadde besøk av 
mini-redningsskøyta Elias på Krabbefestivalen.
Og som Redningsskøyta R/S Utvær kom med.
Eg er ivrig medlem i foreninga her på øya som arbeider for Redningsselskapet,
og vi har vore so heldige å fått låne Elias på Krabbefestivalane her på Atløy.

Den 13 og 14 april reiste eg og tre andre frå foreninga til Flørø 
på distriktsårsmøtet for Redningsselskapet.

Då passa det bra å sy om t-skjorta so eg kunne bruke den på møtet.
Her har eg brukt ein brun genser og ein mønstrete tunika i tillegg.



 
Slik blei den, har som sagt allerede vore i bruk.
Likar kombinasjonen med brunt og rødt ispedd kvitt.




Teikna mønster av den brune gensaren før eg klipte den sund,
og brukte det som utgangspunkt.
Brukte stoff frå bolen til ermer og litt av halslinninga,
resten av genseren var utslitt.

 Har brukt litt av den kvitmønstrete tunikaen som pynt på eine erme,
og halve halslinninga.


Den vart litt kort so eg sette på nederste delen som 
var avklipt t-skjorta.
Den var smalare enn tunikaen,
men kvifor ikkje ha ein brei splitt i sidene i staden for høg splitt..

Likar at det ikkje blir slik som det normalt skulle vore :-)


..Og nokre små stoffrestar tilfeldig sydd på skjørtet saman med kjennemerket mitt.




 

søndag 22. april 2012

Kosar meg med gjenbruk/redesign

Har hatt liggande ei t-skjorte med Fylkesbaatane sitt flagg på.
Men sidan eg ikkje likar å gå med t-skjorte pga trang hals
og kjedeleg fasong, har den ikkje vore brukt so mykje.
Fann fram eit avdanka skjørt og anna stoff og sette saksa i..



Etter litt klipping, sying, prøving og feiling,
har eg fått meg ny tunika.
Den har allerede vore i bruk,
og blir nok brukt meir no enn slik t-skjorta var før.



Sette på ein bit av skjørtestoffet i halsen for å få
igjen fargen oppe i plagget.

På ermene har eg laga eit lite legg i staden for å sy inn ermet.
Og knappen er frå eit plagg eg hadde som liten.


Nede på tunikaen sydde eg fast nokre stoffbitar liknande vimplar,
dei er berre festa oppe under navnemerket.

















tirsdag 17. april 2012

Ukens smil

Kan ikkje skryte på meg at eg har strikka denne buksa,
eller monsterbukse som dei blir kalla,
men tenner og auge har eg brodert på.
Første gong eg prøver meg på å brodere på strikk.

Denne er ei bestilling som eg har fått bilder tilsendt, og teikna mønster frå dei.
Har fått mor mi til å strikke den,
det går litt fortare når ho set igang.


Likte godt denne, håpar å få strikke slik sjølv òg ein dag.

Garn: sisu.


mandag 9. april 2012

Pengepung

Etter eg laga denne av ein avlagt løpar, blei det litt stoff til overs.
Har lenge hatt liggande låser til slike pengepunger,
og her er første forsøk.


Laga motfolder i stoffet for å få litt meir ut av stoffbiten.
Denne skulle syast fast i låsen, men har andre som ikkje skal syast fast.
Reknar med stoffet kanskje skal klipast fast på dei...
Eller limast?
Treng råd her...



Svart fòr inni,
blei kkje heilt perfekt
men til å vere første forsøk er eg fornøgd :-)

Har enda ein liten bit liggande til eg får ein anna ide.

Har ikkje vore flink å komentere i det siste.
Blir mindre og mindre tid med PC`en,
har for mange store prosjekt på gang.

Ha ein fin dag.










onsdag 4. april 2012

Jakke

Endeleg vart det tatt bilder av jakka eg har strikka.
Første gong eg har strikka utan mønster.
Det er samme flette på ermene som på framstykket.


Garnet er Noro Kureyon,
100 & ull.
Den veg berre 650 g.




Garnet har fleire fargar i nøstet.
Måtte spe på med ein anna fargekombinasjon på halve erme og knappestolpe,
sidan eg skulle prøve å få brukt opp dette garnet som eg hadde liggande.


Detalj frå ryggen.
Jakka passa til meg med unntak av at den vart for vid over skuldrane.
So den får ligge i påvent av at nokon andre kanskje vil kjøpe den.


Ynskjer deg ei fortsatt god påske.


Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...