lørdag 28. november 2009

Litt strikking.

Merker at det nærmar seg jul,
kjem plutseleg på so mykje som skulle vore gjort..
Har no fått gjort ein del, og tek de ganske roleg.
Julegardinene er komt opp på kjøkkenet,
og i morgon skal adventstjerna hengast opp.
Skal snart til å bake litt småkaker og julebrød,
då blir det julestemning i huset.
Ellers har eg fått strikka litt :
vottar, frå Familiens Juleideer.
Og to par minivottar i samme farge.
Garn: sisu, lilla og svart.


Ein dag prøvde eg meg på å lage pakkelappar.
Men det vart ikkje store resultatet.
Synest det er kjekkare å vere fleire ilag,
når ein skal sitte med slikt arbeid.


So to par til av desse mini vottane.
Då er bestillingane av dei i boks.

Desverre dårleg kvalitet på bilda,
har tatt dei i lampelys, med mobil.
Hadde vore kjekt med eit skikkeleg kamera,
men det får vi ta etterkvart.

I morgon skal vi tenne julegrana her i bygda.
Då kjem koret og syng til oss, mens lysa blir tent på grana.
Etterpå skal vi samlast i grendahuset til førjulskos,
med sang, kakao og mat.
Og so har eg høyrt at nissen kanskje kjem på besøk..

Ynskjer alle ei fin første advent helg.

onsdag 18. november 2009

Vottar

I går kveld strikka eg TO par vottar,
men eg seier ikkje kva størrelse :))

Etter at eg var spurd tidlegare på dagen,
om eg strikka slike små vottar,
( noko som eg aldri har gjort)
Fekk eg dei ikkje ut av tankane.
Leitte litt på nettet, før eg fann eit bilde,
som eg kunne teikne mønster av.
So var det berre å sette i gang.
Hadde igrunn tenkt å gjere litt forefallande arbeid i huset....
men vart sittande å kose meg med å strikke vottar i stadenfor :)

Har strikka nesten eit par til, på ferja til og frå arbeid, og i pausen.
Dette var moro :)

Garn: baby ull
Pinne nr 2

mandag 16. november 2009

Varmande tilbehør

I helga har eg strikka baktusskjerf og pulsvarmere.
I samme garn som den grå lua eg strikka til dotter mi,
tidlegare i høst.
Alfa frå Sandnesgarn.
Er nok på veg med posten til Oslo,
( til ei forkjøla jente ) i løpet av dagen.


So har eg sydd denne kjeledressen/bamsedressen.
Str 74-80. Mønster frå eit Burdablad frå 1990.
Eg har litt teddystoff liggande, og fekk lyst å sy denne.
Sydde ein slik rosa til dotter mi då ho var baby,
og brukte den mykje.



Ingenting som strammar, mjuk og god.
Har fora den med vindtett stoff.
Hadde ein liten prins i tankane, når eg laga den...

Her er sol, 10 grader og fint høstveir.

Ha ein flott mandag.

søndag 15. november 2009

Labbar

Strikkalabbar er det alltid nokon som treng.

Garn: Viking Sportsragg, fargen er meir lilla enn bildet viser.
Eige mønster, utanom flettene framme på brotet,
som er frå Alt om Håndarbeide nr 1, 09.

fredag 13. november 2009

Snøkrystaller

Innimellom arbeid, strikking og sying,
har eg denne veka hekla to snøkrystaller.


Har eit gammalt mønster frå Familien,nr 26/ 89.
Med litt heklegarn etter bestemor mi og nokre plastringar,
( dei måtte eg på butikk å kjøpe )har eg prøvd å lage desse.
Vart ikkje heilt som på mønsteret,
måtte til med litt forandringar....
Men artig å prøve :)
Har funne fleire liknande mønster eg kunne tenke meg å prøve
, so vi får sjå om tida strekk til...

God helg frå meg :)



mandag 9. november 2009

Skoltefest

Lørdag var det tid for den tradisjonelle skoltefesten her på Atløy.
Vi kom til ein festpynta sal i Kulturhuset,
over ser du sangheftet for anledningen.


Nyyydeleg mat vart servert, og for første gang,
tok eg mot til meg og åt auget òg :)

Etter middag og kaffi, var det flott dansemusikk
og hæla i taket til langt på natt :)


Sydde meg ny kjole til festen,
stoffet er eit av mange andre, eg fekk hos ei dame i sommar.
Hadde planar om å strikke kvite eller grå ermer
( liknande sau )
Men enda opp med litt friskare farge :)

Litt uklåre bilder, sidan det er mobilkamera og lite lys inne.


MidtstillGanske fornøgd med denne modellen.
Har gått ut ifrå mønster frå
Alt om Håndarbeide nr 1, 2009.
med litt ekstra, som strikka ermer -




- og ei lita hekla blomst nede på kjolen :)

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...