kjem plutseleg på so mykje som skulle vore gjort..
Har no fått gjort ein del, og tek de ganske roleg.
Julegardinene er komt opp på kjøkkenet,
og i morgon skal adventstjerna hengast opp.
Skal snart til å bake litt småkaker og julebrød,
då blir det julestemning i huset.
Ellers har eg fått strikka litt :
vottar, frå Familiens Juleideer.
Og to par minivottar i samme farge.
Garn: sisu, lilla og svart.
Men det vart ikkje store resultatet.
Synest det er kjekkare å vere fleire ilag,
når ein skal sitte med slikt arbeid.
Då er bestillingane av dei i boks.
Desverre dårleg kvalitet på bilda,
har tatt dei i lampelys, med mobil.
Hadde vore kjekt med eit skikkeleg kamera,
men det får vi ta etterkvart.
I morgon skal vi tenne julegrana her i bygda.
Då kjem koret og syng til oss, mens lysa blir tent på grana.
Etterpå skal vi samlast i grendahuset til førjulskos,
med sang, kakao og mat.
Og so har eg høyrt at nissen kanskje kjem på besøk..
Ynskjer alle ei fin første advent helg.
Good.
SvarSletthttp://abebedorespgondufo.blogs.sapo.pt/
Nå er adventstaken tent i huset mitt også, og smultringene bakt. Så da er vi igang..Fine adventsvotter du har strikka, og du har blitt en reser på minivotter ;-)
SvarSlettGode, varme og ikkje minst fiiiine vottar du har laga. Fin søndag til deg.
SvarSlettFlotte vottar i lekre fargar.
SvarSlettJulegrantenning her og, musikklaget spelar, lurer på om ikkje nissen skulle komme og ;)
Ha ein fin 1.søndag i advent.