tirsdag 24. september 2013

Lyser opp denne her.


I sommar klipte eg beina av eine uniformsbuksa far i huset.
Ei som ikkje blei brukt på arbeid, men om sommaren no blir brukt på varme dagar.




Og til den som er lei av å sjå vesker frå bloggen min..
..her kjem ei til :-) Og fleire blir det utover hausten.



Denne veska er då laga av avklipt bukse, og hank av avlagt stoffbelte.
-Kan det bli enklare..?

Fin å ta med om du skal ut på tur i mørke kveldar og må ha med veske.






fredag 6. september 2013

Eventyrstrikk

- Er ei flott strikkebok å drøyme seg vekk i.
Her er mange flotte mønster,
 skulle ynskje eg hadde strikka kjempefort so eg hadde fått prøvd ut fleire av mønstera.
Men det er berre å innsjå, ein rekk ikkje over alt.
..Men det er lov å drøyme..




Dotter vår kom med ynskje for denne genseren.
Og då er ikkje mor vanskeleg å be :-)
I vår blei garn innkjøpt, og eg la opp masker med godt mot.
Alltid kjekt å begynne på noko nytt.





Strikka jevnt og trutt innimellom andre småarbeid eg har på gang.
Gjekk litt lei i sommar då eg måtte til å strikke fam og tilbake på ermetoppen.
Det er ikkje moro med slikt mønster i tillegg.




Men skulestart nærma seg, og jenta skulle til Bergen igjen for to nye år på skule.
Og då var det berre å sette seg ned å bli ferdig med prosjektet.




Genserern blei ferdig til bursdagen hannar i august,
den passa bra og falt i smak hos mottakar.



Garnet skulle vere Mirasol  fra Du Store Alpakka,
men eg brukte Mitu Rauma garn, 50% alpakka og 50% ull.
Eit lett og herleg garn som eg heilt sikkert kjem til å strikke meir av.

No gjenstår det berre å strikke hua i samme mønster,
Den er snart på pinnane og forhåpentlegvis ferdig før høsten set inn for fullt.





tirsdag 3. september 2013

A LOVE STORY

Etter ei kampanje for `Tex Mex Santa Maria`,
hadde vi liggande denne banneren.
 Og for dei som ikkje kjenner meg, arbeider eg på ein Coop Marked butikk.
Og når slike ting som dette skal likavel i bosset,
tek eg det gjerne med heim..





Denne blei det tre handlenett av.
Sidan den var dobbel, var det berre å klippe banneren i tre og sy bunn,
 falde topp og sette hank på.





Inni var det kvitt fòr, so nettet fekk fòr i eine sida :-)




Hank på eine veska er av overflødig stoff,
og på dei andre to har eg brukt eit avdanka militærbelte
 (Har alltid kalla dei det, men veit ikkje om det heiter noko anna)
men litt rød anorakksnor sydd på til pynt.




Kosar meg når eg får sy om noko som ikkje blir brukt lenger.
Gjenbruk er tingen :-)

Ha ein fortreffeleg dag.




Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...