onsdag 29. desember 2010

Førjulspresang til far i huset.

So har endeleg far i huset fått gensaren sin.
Vart ferdig med den i midten av desember,
som du sikkert ser, sidan berre to av adventslysa er brukt.
Dei har eg foresten dekorert sjølv.

Har ikkje fått blogga i det siste,
det har vore so mykje anna å styre med no før jul.
Eg har strikka litt dei siste vekene, og teke bilete,
so no gjenstår det berre å få det ut på bloggen.



Eg har strikka på denne framover hausten.
Det vart litt kjedeleg,
sidan det berre er glattstrikk nesten heile bolen.


Eg vart ganske fornøgd med resultatet,
det samme vart mottakaren.

Neste prosjekt er mariusgenser til dotter vår.
Skal kjøpe garn til den ein av dagane,
det er godt med strikkagenser no når det er kaldt og flott vinterveir.


mandag 13. desember 2010

Kaffiløpse

No ligg eg visst etter her,
har laga ting og tatt bilder, men ikkje rukket å blogge.
Som eg skreiv i forige innlegg,
skulle eg og mamma lage kaffiløpser.
Og det har vi gjort.

Denne har mange navn,
Kaffiløpse, hardangerløpse, tjukkeløpse, halvbaking,
og sikkert enda fleire.



Eg var for det meste tilskodar,
men fekk prøve meg i dei forskjellige prosessane.


Kjevling er teknikk,
eg var ikkje so rask som ho mor, nei..


So måtte dei være nokolunde like store,
sidan dei skal leggast oppå kvarandre.


Etter avkjøling, var det smøring.
Det vart ca 20 slike tilslutt,
men etter kaffikos og smaksprøve,
kom ikkje alt so langt som til fryseren :)


Då var kaffien servert.


onsdag 1. desember 2010

Flatbrød

Mandag hadde eg og mamma flatbrødbakedag.


Ho kom til meg medbrakt kjevle og steiketakke.
Eg har ikkje gjort dette før,
berre fått ferdige flatbrød som ho har laga heime.
So dette var ein lærerik og koseleg dag.


Eg fekk prøve meg på kjevling og steiking.
Fann fort ut at det ser enklare ut enn det er..
Vi steikte på to takker,
då gjekk det fortare unna.


Resultatet vart nesten 30 flatbrød,
som eg har lagra på boden,
klare til jul.

I morgon blir ho med meg heim etter eg er ferdig på arbeid,
då skal vi lage kaffiløpser, eller halvbaking som vi kallar det.


Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...