fredag 20. januar 2012

Nytt teppe



Starta med nokre nøster Sandnes mini palett.


Etter 88 ruter hekla eg blå/grøn kant rundt dei.


Her er dei uten den blå/grøne kanten.
Var spent på korleis dette skulle bli til slutt.



Ein del timar seinare er teppet hekla ihop,
hekla rundt, vaska og tørka.




Det vart kvikkare i fargane når eg fekk den
blå/grøne fargen mellom rutene,
synest eg.


Garn: Sandnes mini Palett
Vekt:670 gr
Flatt mål: Ca 175 x 130 cm

Har ikkje vore gjort so mykje anna
handarbeid etter nyttår enn dette.
Var bestemt på å få dette ferdig først,
før eg tok til på noko anna.
Har minst to tepper til i planane mine,
eit av dei MÅ eg ha ferdig til høsten..
Men det skal gå bra,
artig handarbeid dette.







onsdag 11. januar 2012

Litt av kvart

To par alligatorpulsvarmere er endeleg ferdige.
Vart lagt til side før jul til fordel for anna handarbeid,
og då vert det lett liggande lenge.



Dette prosjektet her tek mykje av fritida mi no.
Spennande når det nærmar seg slutten på arbeidet,
trur det blir bra til slutt.


So MÅ eg berre vise ein av julepresangane eg
fekk frå vår kreative dotter og kjærasten hennar.
Ei øsje med brukte sykkelslangar..
Spennande :-)
Gler meg til å komme i gang med å lage noko lurt av dei.
Ventar berre på rette "gnisten" og gode idear skal dukke opp.




søndag 8. januar 2012

Kjekt å ha

Heisann, og godt nyttår til deg som er innom.
Har hatt ein lang bloggpause,
men produksjon har det vore :)
Her er litt av det eg laga før jul.

Stoffposar er greit å ha til å oppbevare div i.
Har prøvd meg litt med lappar, blonder og blomster.



Begge posane er fora med kvitt stoff,
som eg synest er ein fordel.
Då kan ein lettare sjå innhaldet.



For mange år sidan sydde eg hyssingpose til mor mi.
Prøvde til igjen, men denne gangen i litt meir avansert utgave.
Vattere og frihåndsquilte er noko eg ikkje har gjort so mykje.
Er ikkje sikker på om eg har gjort det rett,
men er godt fornøgd sjølv.
Det var moro når eg kom inn i det og greidde å slappe
av mens symaskina gjekk.


Det vart to utgaver denne gang,
som havna under forskjellige juletre som gave.





Desse posane er ikkje fora,
og sydd av stoff frå det STORE stofflageret mitt.


Sjølv likar eg ufora posar.
Tek mindre plass når eg har handarbeidet i den,
og skal ha den med i handveska.





Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...