søndag 15. mars 2015

Herrebunad på gang

Innimellom andre prosjekt siste året har eg sydd på herrebunad til eine son vår, 21 år.
Sunnfjordbunad.
Dette har eg ikkje prøvd før, so eg lærer etterkvart.
8/3 var det barnebarnet vårt døpt, då hadde den nybakte onkelen bunaden på seg.
Fekk låne skjorte og jakke, men resten var klart.



Vest og bukse/nikkers er ferdig.
Sokkeband har eg kjøpt frå ei dane som vever slike.
Og nye bunadsko innkjøpt og klare til bruk.
Sokkane har mor mi strikka, dei fekk han til jul eit år.






Beltet var det første eg laga, broderte det i fjor.
Var igrunn kjekt arbeid, men det tok tid.


Laga det litt lenger enn livvidda, godt å ha noko å gå på om det skulle trengst.
Har valgt oksidert sølv til spenne og knappar,
men mange brukar messing. 
Det er valgfritt.

Det var kjekt å sjå guten i bunad, no er det berre å få sydd jakka og skjorta.
På skjorta er eg snart ferdig å brodere mansjetter og krage, då håpar eg det verste er gjort.
Men som sagt har eg ikkje sydd slikt før, so det blir spennande framover :-)






fredag 13. mars 2015

Bunadtid

Våren er bunadsaum for meg.
Her er ein sunnfjordbunad som eg har sydd ny vest og lomme til.
Denne er utan sølv, belte og forkle.
Det blir sydd på av eigaren sjølv.



Var so heldig å få  tak i band med rette fargane i.
Sidan det er ein eldre bunad,
 passa ikkje dagens vevde band med dei som er nede på stakken.



Den gamle vesten var altfor kort, 
So då måtte eg til med alt nytt på vesten utanom maljedukane.




Lomme var der ikkje på bunaden.
Denne er ny.
 Eg har ikkje brodert, men monteringa er mitt verk :-)


mandag 2. mars 2015

vippestol

I helga fekk eg endeleg gjort noko som eg har tenkt på lenge.
I fjor sommar fann eg fram vippestolen som vi kjøpte då vi fekk vår førstefødte for 28 år sidan.
Sidan det var barnebarn i vente, kunne den komme til nytte igjen.
 
Lørdag sydde eg nytt trekk på den.
Av ei gardin eg kjøpte på bruktbutikk for ei god stund sidan.
Skulle kanskje vore i rosa sidan det blei ei jente,
men der er no jentebilder på :-)

No er i allefall stolen heil og fin,
no kan ho vippe ivei når ho kjem på besøk :-)





Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...