lørdag 31. oktober 2009

lue og lampe

Leitte rundt i garnlageret mitt i går kveld,
og fann garn til ei lue.
Greit å strikke på når ein ser på Tv.



Tidlegare i veka tok eg til mot, og spraymalte stålampen som var begynt å bli kjedeleg i fargen.
Tok den med ut i sola, og spraya både fot og skjerm.
Her ser du før og etter bilder.



Var usikker på korleis skjermen kom til å bli, men tok sjansen.
Hadde igrunn tenkt å kjøpe ny skjerm...
Men den skal få vere på ei stund til.
Synest den vart artig med litt ujevn overflate,
etter å ha latt malinga renne litt nedover skjermen.

Lampen passa bedre i stova no, enn tidlegare.
Ingen som har maken, i allefall :))

fredag 30. oktober 2009

Bolero

Har strikka bolero etter ynskje frå datter i huset.
Mønster :Kreativ Strik ( med litt justeringar )
Garn :Feestyle

Blir spennande å sjå om den passar,
når ho kjem heim ein tur til neste helg.

mandag 26. oktober 2009

Dokkekle og stoffposar

No har eg levert desse ,
håpar den som bestilte dei blir fornøgd.
Fekk igrunn lyst å lage meir dokkekle,
men må nok få unna litt andre ting først.



I dag har eg sydd desse posane/korgene,
som skal leverast denne veka.
Ytterstoffet er av gamle, men kjempefine gardiner.
Fora med bomullstoff og eit tynt lag vatt mellom laga.
Mønster frå boka Hånd i Hanke.

søndag 25. oktober 2009

Høst

Vi har hatt nokre fine høstdagar her på Vestlandet.
Utruleg flotte fargar i naturen.


Sola speglar seg i sjøen som har vore " som ein spegel " nokre dagar.


I kveld har eg vore på basar i øyas bedehus,
der Atløykoret underheldt med flott sang.
Der var flotte gevinstar som skulle loddast ut, mange av dei heimelaga,
og vi fekk servert kaffi og kaker.
Etter to åresal og loddsal, men følgande trekningar,
kunne eg reise heim med eit par strikkalabbar,
som desverre ikkje passar til nokon her i huset.

Er endeleg ferdig med dei fem setta med dokkekle, eg har strikka på.
Ventar på at dei skal tørke, so eg får levere dei.
So er eg nesten ferdig med ein strikka bolero til datter mi,
kjem bilder etterkvart.

:)


fredag 16. oktober 2009

Veskehåndtak

Desse 11 setta med heimelaga veskehåndtak,
fekk eg denne veke.
Ei dame eg kjenner fekk sjå nokre av veskene eg har laga...
Og nokre dagar etterpå kom ho med desse til meg.
Håndtaka har mannen hennar laga for lenge sidan,
og dei har berre vorte liggande.

No er det berre å få unna alt i huset som MÅ gjerast.
Og håpe der er tid og energi igjen,
til å få laga vesker til nokre av håndtaka i løpet av helga.
Energi til å lage ting har vore liten i det siste,
har vore forkjøla :(
Men, er begynt å få igjen gnisten no :)
Kanskje det er sola som hjelper på..

God helg til alle frå meg :)

mandag 12. oktober 2009

Rock`n roll :)

No er det berre å rydde plass i stova,
når ho mor tek fram rokkeringen:)
Har vore å kjøpt meg ei slik i dag,
dette var noko anna enn den vanlege varianten eg har liggande.
Håpar den er like effektiv som det kjennest når eg brukar den.

Ellers so strikkar eg på dokkekle fremdeles.
Eit sett igjen,
er begynt å bli litt lei av å strikke det samme fleire gonger.
Men har eg strikka fire sett, må eg nok greie eit til.

Gler meg til å begynne på noko anna,
men IKKJE før eg er ferdig med det eg held på med.



torsdag 8. oktober 2009

Oslotur

Har hatt langhelg i Oslo.
Var innom teknisk museum ein tur, der var det mykje å sjå på.
Her er eg framfor eit fargekamera :)


Fin statue framfor rådhuset.


Dotter mi tok meg med til Grønland,
for å vise meg dei flotte stoffbutikkane der.
Der var fleire butikkar overfylt med fargerike stoff.
Der kunne eg gått lenge og berre sjå...
Spurte fint om lov å ta eit bilde, for å vise litt av alt det flotte.



Er ikkje enkelt å la vere å kjøpe,
når ein kan få 4,5 meter flott kjolestoff til ein 50.- lapp.
Men måtte tenke på at eg skulle frakte det med meg heim,
med buss, tog, hurtigbåt, ferje og bil .



Desse grønne, lilla og mønstrete stoffa,
har eg tenkt å sy ein kjolar av.




Var på Strikkedilla og kjøpte litt garn.
Grå Freestyle til vest.
Eit par lysegrønne Kitten Mohair til eit sjal,
mini Palett og online garn som eg ikkje har prøvd å strikka av før.
Bildet vart opp ned,
berre slikt som skjer av og til,
når eg lastar ned bilder til bloggen.



Måtte kjøpe ei ekstra veske, slik at eg fekk med meg alt heim :)
Var innom SØSTRENE GRENE på KarlJohan,
ein artig butikk med mykje rart.
Denne veska kunne eg ikkje gå ifrå...



På togturen heim var det snøstorm på Finse, Brrr.



Når vi kom heim,
stod denne og blomstra so fint i glaskarmen.
Kjekt med fine fargar i stoveglaset, i ein ellers so grå og regnfull haust.
Dette er berre litt av alt vi har fått med oss desse dagane.
Har hatt ei innhaldsrik og koseleg helg,
og til og med fått sjå sola igjen :)

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...