søndag 27. februar 2011

Crazy Quilt

Fredag reiste eg og søskenbarnet mitt til Førde på kurs.
Det var kurs i crazy quilt på Trapp Ned Butikken.
Har ikkje vore på kurs innan saum,
sidan eg gjekk eit år på saumlinja, tidleg på åttitalet,
( Huff det høyrdes ut som lenge sidan.. )
på det som den gong heitte yrkesskule.

Vi hadde ein kjekk dag,
over ser du modellen av det vi skulle lage.
Dette er ei festremse med to forskjellige blokker.


Her er blokkene eg rakk å lage.
Som du ser er eg glad i friske fargar.
Er ikkje heilt fornøgd med fargevalget likavel,
det er ein kunst å finne rette fargane.
Og med ein butikk som bugnar av flotte stoff berre ei dør unna,
er det ikkje enkelt å bestemme seg.
Men, men, det er no berre prøvelappar på ein måte.
Lærte no teknikken :)
Blir nok ikkje festremse av desse,
har tenkt ut noko anna eg skal lage av dei.


Seint på kvelden, etter eg var komt vel heim,
pakka eg inn ein liten presang til ho som var med meg på kurs.
Ho hadde bursdag dagen etter, i går altso.
Men eg hadde ikkje kort til pakken..
Fann fram ein liten stoffbit,
og tenkte å berre sy den fast på ein papirlapp..
..Men fann fort ut eg ville prøve meg på den teknikken eg lærde tidlegare den dagen.
Det vart ein liten firkant som eg vatterte....


...Sette linstoff på baksida, som eg skreiv bursdagshelsing på...


..Som òg kan brukast som underlag til kaffikoppen :)

Mottakaren vart kjempeglad,
og då er eg òg fornøgd..

Har meldt meg på Redesign-kurs på Askvoll til neste helg,
noko som eg gler meg til.
Det blir ein heilt anna form for søm,
enn det eg var med på fredag.
Lage nytt av gamalt er spennande.


mandag 21. februar 2011

Solskinn og kaffikos.

Nyter føremiddagen, med sol og fint veir.
Her er utsikta mot nord- nordaust frå stova.


Litt kaldt å sitte ute enda.
So eg nyter føremiddagen ved kjøkkenbordet,
med kaffikopp, radio og bunadbrodering,
før eg skal på arbeid.

Ynskjer alle ein strålande start på veka.




fredag 18. februar 2011

Litt av kvart.

Sjølv om eg ikkje har noko ferdige ting å vise,
er det alltid noko på gang.
Trur eg må legge inn søknad om fleire dagar og timar i veka,
so eg rekk over alt eg planlegg..
Dette garnet fekk eg av ei dame,
har lenge lurt på kva eg skal bruke det til.
Fargane likar eg, men det er litt hardt,
kanskje det blir betre når det har vore i vask..

Garnet er 70 % ull og 30 % akryl.
Det blei til at eg starta med hekle bestemorrute,
utan meir planar.

Sidan har eg berre fortsett på den,
trur eg skal hekle til der ikkje er meir av garnet.
Spennande å sjå kor stort det blir.
Dette arbeidet har eg liggande i bilen,
i tilfelle eg skulle gløyme å ta med strikketøyet mitt når eg skal med ferja.
Har fått unna mykje handarbeid i ferjekø,
og på turen over til fastlandet :)


Snart ferdig med mariusgenseren til dotter vår.
Skulle nesten strikka sokkar og panneband til den òg.
Vi får sjå etterkvart.
I tillegg til dette,
har eg ein bunad og ei kystdrakt under produksjon.
Bilder av dei kjem etterkvart.


Denne flotte skapningen kryssa vegen framfor bilen min i dag.
Eg måtte stoppe so den fekk gå over vegen.
Han var ikkje mykje skvetten, spaserar roleg på vegen midt i bygda.
Selfølgeleg hadde eg ikkje kamera med meg,
so det vart mobilbilete.
Litt uklart, men men.
Det gjekk bra, sidan han stoppa og snudde seg so eg fekk fotografere.


Dette glasshuset kjøpte eg på salg på blomsterbutikken på Aslvoll.
Greidde liksom ikkje å gå ifrå det.
Visste ikkje heilt kva eg skulle bruke det til.
Det får stå slik so lenge, med ei lykt oppi og ein sommarfugl til pynt.
Tek imot gode forslag til kva eg kan bruke det til..

Takk for fine komentarar i bloggen,
og håpar alle får ei fin helg.


mandag 14. februar 2011

Jentetur og morsdag.

Fredag var eg og mamma på "jentetur" til Førde.
Uten store planar,
gjekk vi berre og såg oss om i butikkar.
Kjekt å gå slik utan å stresse med lang liste over alt ein skulle rekke over.
Eg måtte berre ein tur inn på Trapp Ned butikken,
for å få litt inspirasjon.
Og det fekk eg..
Kjøpte mønstrete og einsfarga lin,
med blonder og kroklisser til.
Har ein plan for dette :)


Dette stoffet måtte eg berre ha.
Kunne ikkje gå ifrå ein slik fin farge.
Veit ikkje kva eg skal bruke dette til enda,
men kjekt å ha.


I går var det som alle veit morsdagen.
Eg fekk ein nydeleg orkidè...


.... og denne boka.
Her er mange gode idear.
Eg var storfornøgd med presangane.


Var til mamma og pappa på kaffibesøk.
Eg laga kort i full fart.
Lenge sidan mamma har fått sjølvlaga morsdagskort frå meg.
Får det ikkje heilt til,
ser so mange fine kort på andre blogger,
men kjem ikkje på noko då eg skal prøve sjølv..


Slik ser det ut inni.
Ganske enkelt, men men
det er tanken som teller.

Den store mammadagen var avslutta ilag med
10 andre mammaer på revyøving :)
Kjempekjekt.




onsdag 9. februar 2011

Genser og knekkebrød

Denne genseren sydde eg søndag.
Var planen eg skulle ha den sjølv,
men under produksjon bestemte
eg meg for at eg skulle gje den til mamma.
Ein liten morsdagspresamg på forskudd :)
Kjekt å lage noko til ho,
når ho strikka ein slik fin duk til meg.



Stoffet kjøpte eg på Stoff & Stil i sommar.
Mønsteret er frå Alt om håndarbeides SY MAGASIN nr 1/ 2011.
Likte godt modellen,
må nok lage ein til meg sjølv òg.


Knekkebrød har eg laga tre gonger sidan lørdag.
Dotter vår fekk ein porsjon med seg til Bergen då ho var heime i helga.
Mandag laga eg til meg sjølv.
Og no tørkar siste porsjonen i ovnen,
dei skal eg ta med til foreldra mine når eg leverer gensaren til mamma.
Skal nedom dei ein svipp no før eg reiser på arbeid.

Takk for koselege komentarar på innlegga mine,
set stor pris på dei.

Ha ein fin onsdag.


mandag 7. februar 2011

Litt forandring, og vips...

I helga har dotter vår vore heime.
Vi har kosa oss med strikking, filmar ol.
Og vi har vore på "skattejakt" hos foreldra mine.
Noko som eg sikkert kjem til å vise i bloggen ein dag.
Vi er like fasinert av gamle ting begge to,
so det var ei spennande stund å opne gamle kofferter,
og prøving av det vi fann :)

Denne frakken er altso ny.
Den har ho kjøpt på postordre,
men den var ikkje heilt etter forventingane.
Då er det berre å koble i symaskina og ta eit tak.



Ermane var for lange,
so der sydde eg eit par legg.
Fann ut det var enklare enn å ta av mansjetten og klippe av der.
Synest det pynta litt opp òg.


Etter å ha klippt av ein del av lengda,
vart det ei heilt anna jakke.


No kan jenta godt bruke jakka,
når ho går til skulen i Bergen by.
Beklager dårlege bilder,
slik går det når ein amatør tek bilder i dårleg lys og har lita tid.


Ha ein fortryllande dag vidare.



fredag 4. februar 2011

Bestemors lampe.

I mangel på ferdiglaga produkt denne veka,
viser eg ein lampe eg har.
Den laga bestemor mi då eg var liten.
Ho hadde den i stova si, og eg har fått arva den.


Lampefoten er ei flaske,
som er trekanta nederst.
Den hadde ho med seg etter ein Amerikatur,
for å besøke slektningar.
Det har sikkert vore noko godt på den,
før den vart fylt med sneglehus som er plukka i fjæra.



Skjermen har ho hekla sjølv,
og pynta med brune velourband oppe og nede.


Einaste bakdelen med den,
er at ledningen er utanpå lampefoten.
Men det er vel ikkje enkelt å lage hull til den nede på flaska,
Og då vil den jo vise uansett,
sidan flaska er gjennomsiktig.
Det er ikkje på dette bordet eg har den ståande,
ledningen er meir skjult der eg pleier å ha den.
Tok den berre fram i lyset for å ta bilde av den :)

Ynskjer alle som er innom bloggen min
ei god helg.


Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...