onsdag 29. februar 2012

Lenge sidan sist..

I går tok eg fram broderiutstyret til symaskina mi.
Noko som ikkje har vore i bruk på lenge, lenge.
Det tok si tid å sette seg inn i det igjen,
men eg fekk start på det og sydde nokre prøvelappar.



Brukte fridagen i går berre til saum,
og fekk sydd to forseinka bursdagspresangar.
Her er broderia eg laga til å sette på..



Sydde to bunadsposar,
ein til svigerinne og den andre til ei eg er tante til.
Ikkje enkelt å ta bilder av svart,
og med slikt fuktig veir må det fotograferast inne.


Bak er det sett i ein 1 m lang toveis glidelås.

Godt å endeleg få sydd ferdig slike ting som skulle vore gjort for lenge sidan.
Det er igrunn ikkje so lenge gjort når ein først begynner :-)

Ha ein fin dag vidare.


lørdag 25. februar 2012

God helg

Ein einsleg liten stoffbit og litt blonde
er forvandla til to hjarte.

Takkar for fine komentarar til innlegga mine,
dei inspirerar meg til vidare kreative krumspring.

Ynskjer mine følgara og andre besøkande i bloggen min
ei hjarteleg god helg.



onsdag 22. februar 2012

Turkis er fint

Turkis er ein farge eg likar godt.
Litt misvisande på bildet, fargen er litt skarpare enn dette.
Dette er ein løpar eg har lagt vekk i staden for å kaste den.
Den er brukt nokre gonger, men vart skjoldete etter vasking.


Fekk lyst å lage meg eit nytt nett.
Har alltid eit par stoffnett i handveska,
sidan eg ikkje likar plastposar.
Her er eine sida..




..og andre sida.


Ein flekk vart kamuflert med ein hekla rosett eg hadde liggande.
I enden av rosetten hadde eg hekla eit stykke luftmasker.
Det var langt nok til å skrive " hei " med,
og ein liten trekt knapp til prikken over i`en.


Og sjølvsagt er det sydd på ei snor slik at nettet kan rullast ihop
og knyttast rundt for å ta minst muleg plass i handveska.

Og eg er SO fornøgd,
sidan eg har fått laga nytt liv til ein løpar som igrunn hadde gjort si plikt.




lørdag 18. februar 2012

Vårfargar



Denne toppen har eg sydd på bestilling.
Artig stoff i herlege fargar.


Stoffet er på ein måte dobbelt,
med yste laget i strimler.


Plagget er levert og godkjent,
og då er alt berre kjekt.


Brukte dette mønsteret frå Stoff&Stil.




lørdag 4. februar 2012

Fornying

Ein vindfull dag fann eg fram ei gammal sid kåpe.
Den har hengt på boden i fleire år,
og har lenge tenkt at eg skulle gjere noko med den.


Etter litt grubling og leiting i tilsidelagte klær og stoff,
fann eg ei grøn oppspretta kåpe.
( kjøpt på freetex ein gong )
Perfekt farge å kvikke opp den svarte kåpa.
Er igrunn ikkje so glad i svarte kle,
men har likavel nokre plagg i den fargen.

Her ein liten stoffbit i nakken av kåpa.





Kåpa er klipt av til litt over knehøgde.
Og litt grøn pynt tilfeldig nede ved splitten.


Erme.



Kragen frå den grøne kåpa har eg sydd på den eksisterande kragen.
Øverste del kan brettast opp og ned kvar for seg,
feks den svarte delen ned og den grøne delen opp.

Ermene er lagt opp,
gjekk alltid med oppbrett på ermene når den var i bruk.

No har kåpa mi fått eit nytt liv, og kan takast i bruk igjen.
Den skal ikkje henge på boden no lenger :-)



onsdag 1. februar 2012

Liten og rosa

Midtstill
Har strikka ein liten rosa kjole.
Det tok igrunn lenger tid å få på knappane,
enn å strikke den :-)

Mønster: Kreativ Strik
Str: 9-12 mnd
Garn: Viking Baby ull




Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...