på bestilling frå meg :)
Eg har lenge ønska meg ein stor duk som ho kunne strikke til meg,
og når vi endeleg fann mønster,
var det ikkje lenge før den var klar.
Trur det var ca 1600 masker før avfelling,
ikkje noko eg har hatt tolmodigheit til..
Det er ikkje hjelp i å berre stryke ein slik duk.
Det er om å gjere å ha rette blandinga til stivelse,
og mange nok isoporplater til å strekke den over.
Den er 140 x 220 cm stor,
og passar fint på spisebordet vårt.
Denne skal berre vere til pynt,
Det er ikkje ein slik duk ein vaskar og stivar so ofte.
som blir 91 år i mai.
Dette er ein av mange dukar ho har strikka og stiva,
etter ho vart 90 år.
Ho har ikkje tal på kor mange ho har laga framover åra,
trur nok det har gått nokre meter garn mellom hennar hender..
Det er ein inspirasjon i seg sjølv,
å gå rundt i huset hennar å sjå alle dei flotte dukane ho har laga.
