Viser innlegg med etiketten pulsvarmere. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pulsvarmere. Vis alle innlegg

tirsdag 3. februar 2015

Småstrikk

Strikka pulsvarmere i gave til ei vennine som arbeider på Kiwi.
Har slike sjølv, i brunt, sidan eg arbeider på Coop Marked.
Varmar godt rundt handleddet når det er kanldt.


Her er første labbane eg strikka til vårt herlege barnebarn.
Strikk i grått sidan eg begynte på dei før vi visste kva kjønn det blei.


Av restane blei det eir par små vottar uten tommel.



onsdag 11. januar 2012

Litt av kvart

To par alligatorpulsvarmere er endeleg ferdige.
Vart lagt til side før jul til fordel for anna handarbeid,
og då vert det lett liggande lenge.



Dette prosjektet her tek mykje av fritida mi no.
Spennande når det nærmar seg slutten på arbeidet,
trur det blir bra til slutt.


So MÅ eg berre vise ein av julepresangane eg
fekk frå vår kreative dotter og kjærasten hennar.
Ei øsje med brukte sykkelslangar..
Spennande :-)
Gler meg til å komme i gang med å lage noko lurt av dei.
Ventar berre på rette "gnisten" og gode idear skal dukke opp.




onsdag 16. november 2011

På pulsen

Pulsvarmere kunne ein lage kvar dag.
Dei går unna nesten før dei er ferdig strikka.
Her er min variant av eit favorittmønster.
Orginalen er Elf Clobber,
men eg har strikka brotet i små enkle fletter
i staden for vridde rettmasker.


Eit anna favorittmønster er alligator.
Desse blir eg ikkje lei av å strikke.


Desse har eg ikkje mønster på,
prøvde meg berre fram.
Det er vel liknande mønster på nokre vottar eg har sett på nettet,
men her i mindre format.




søndag 6. november 2011

Alligator

Dette er eit mønster eg likar godt.
Kjekt å strikke, og artig effekt synest eg.
Desse er strikka på bestilling, og sendt til Fredrikstad.
Håpar dei fell i smak hos mottakar.


Har prøvd ein, for meg, ny sort garn frå Viking Garn.
Kjempegodt å strikke, og mjukt og godt å ha på.
Har skaffa meg meir av dette garnet,
og produserer for fullt.
Lørdag skal eg ha salsutstilling i andre etasje i Coop-bygget på Askvoll.
Då er det greit å ha litt av kvart å vise fram :)




søndag 23. oktober 2011

Greidde det til slutt.

Yes, der fekk eg det til.
Veit ikkje om det er heilt rett,
men er fornøgd med resultatet :-)
Har kjempa ein del med desse,
men med gode hjelpere vart det lettare.
Stor takk til SOLSAUM som ville prøve ut mønsteret for å hjelpe meg,
Og til FRU KEILEGAVLEN,
som kom ho i forkjøpet å sende meg litt av oppskrifta på norsk.

Det var kjempekjekt å endeleg få det til.
Har planar om fleire slike,
synest dette mønsteret er nydeleg.











søndag 16. januar 2011

VM strikk mm

No har eg strikka mitt bidrag til ski VM.
Var innom Hedvigs blogg, og las at dei trengte mange slike som
blomstermansjettar til ski VM.
Eg fann fort ut at eg òg ville sende mitt bidrag.
Ringte garnbutikk i Førde og fekk legge av garn.
For so å få yngste son vår som bur der på hybel,
å kjøpe garnet til meg.
Lørdag strikka eg denne.
Med litt ferjetid til og frå arbeidet,
og nokre omg på kvelden, so var den ferdig.
Sender den i posten i morgon.

innslag frå TV2 her


Dette settet var ferdig no til helga.
Det er bestillingsstrikk, og er strikka i alpakka.
Pulsvarmarane er alligatormønsteret eg har strikka ein del av i det siste.
Og halsen er mønster frå Allers nr 1 2011,
men i andre fargar og anna garn,
alpakka som i pulsvarmarane.



Kanskje blomstermansjetten kan brukast som lue når
blomstene er visna?



torsdag 13. januar 2011

Litt av kvart

Då har eg endeleg strikka pulsvarmere til meg sjølv.
Mønster har eg tenkt ut sjølv.
Ganske enkelt, men greit nok.
Desse har vore mykje i bruk,
varmar godt rundt handledda.


Hadde ikkje noko å strikke på ein kveld eg sat og såg på tv.
Fann ein garnrest og her er resultatet.


Eg har ikkje laga knapphull,
sidan eg strikka med tjukke pinnar,
er det berre å knappe i der ein vil..


Og eit par små vottar i Fritidsgarn.
Desse er laga på bestilling, og er i str 3 - 5 år.


mandag 3. januar 2011

Julestrikk

Godt Nyttår til alle som er inne på bloggen min.
Og takk for hyggelege komentarar,
noko eg setter stor pris på.
Skulle nok vore flinkare sjølv,
med å komentere andre sine bloggar eg er inne på.
Må nok skjerpe meg der, ja :)
Men har liten tolmodigheit med pc for tida,
er berre innom som snarast av og til.


Det eg viser no, er slike ting som var strikka før jul,
noko er julepresangar og noko er bestilt.

På biletet øverst har eg enda eit eksemplar av alligator-pulsvarmere.
Desse strikka eg i alpakka, og sendte som julepresang til ei veninne.
Dette mønsteret var både enkelt, raskt og kjekt å strikke,
so det blir nok maaange fleire av desse i 2011 òg.
Har allerede fått bestilling på slike.


Her er tre par til...
Strikka i Viking Superwash,
og havna under juletreet som tilleggspresang
til tre flotte jenter eg er tante til.
Måtte låne nokre armar/hender her for å få alle tre på same biletet.
Datter vår stilte frivillig opp til fotografering.



Her er mobil/iphone etui.
Fekk bestilling på iphone-etui i Fanamønster.
Eg teikna mønster og strikka tre alternativ.
(dei i brunt og kvitt)
For so å strikke fleire i ønsket mønster og farge.
Eg har sydd ein stor patentknapp i som lukning.




lørdag 13. november 2010

Pulsvarmere

Har strikka nokre pulsvarmere innimellom andre prosjekt siste vekene.
Desse er i alligatormønster,
eit artig mønster som eg òg fann på nettet, her.
Har strikka dei i restar frå det kvite heklateppet eg laga.
Strikka desse på pinne nr 3, då vart dei litt stramme til meg.
Garn: Rubin.


Her har eg brukt restar frå tidlegare strikka labbar.
Desse vart litt store, men greit å ha prøvd denne varianten òg :)
Garn: Silja.

Desse er strikka i alpacca.
Mønster har eg funne her.
Fekk ikkje heilt til kanten framme,
so eg gjorde ein liten vri der..


Meir alligatormønster.
Dette mønsteret kjem eg til å bruke fleire gonger,
enkelt å hugse, so eg slepp å følge med i oppskrift.
Strikka desse på pinne nr 4, då vart dei meir passe til mine handledd.


Og eit par i lilla, desse og er restar etter labbar.
Strikka i Viking Superwash, mjukt og godt garn.

Kjekke ting å ha med på messe:)


Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...