lørdag 13. november 2010

Pulsvarmere

Har strikka nokre pulsvarmere innimellom andre prosjekt siste vekene.
Desse er i alligatormønster,
eit artig mønster som eg òg fann på nettet, her.
Har strikka dei i restar frå det kvite heklateppet eg laga.
Strikka desse på pinne nr 3, då vart dei litt stramme til meg.
Garn: Rubin.


Her har eg brukt restar frå tidlegare strikka labbar.
Desse vart litt store, men greit å ha prøvd denne varianten òg :)
Garn: Silja.

Desse er strikka i alpacca.
Mønster har eg funne her.
Fekk ikkje heilt til kanten framme,
so eg gjorde ein liten vri der..


Meir alligatormønster.
Dette mønsteret kjem eg til å bruke fleire gonger,
enkelt å hugse, so eg slepp å følge med i oppskrift.
Strikka desse på pinne nr 4, då vart dei meir passe til mine handledd.


Og eit par i lilla, desse og er restar etter labbar.
Strikka i Viking Superwash, mjukt og godt garn.

Kjekke ting å ha med på messe:)


5 kommentarer:

  1. Flotte pulsvarmara.
    Mange fine mønster. Det blir nok rift om desse på messa.
    Lykke til.

    Ha ei flott helg, Ann Tove :-)

    SvarSlett
  2. Nydelege pulsvotta du har laga. Dei blir nok populære :)

    SvarSlett
  3. Kjempeflotte pulsvarmara. Trur eg må teste den alligator-oppskrifta, dei såg så flotte ut. Fin søndag til deg og dine.

    SvarSlett
  4. Hei!

    Nå har jeg lagt deg til som følger, å håper at du gjør det med min blogg :)
    http://bigbakken.blogspot.com/

    Når jeg er ferdig med pulsvarmerne jeg holder på med, så skal jeg prøve dine aligator.
    Tusen takk for at du la ut oppskriften!

    Du har en kjempe fin blog!

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...