Mandag hadde min kjære pappa 75 års dag.
Ein aktiv kar innan det meste, gravemaskin,båt, fisketur, seniordans mm.
Seier aldri nei om vi treng ein handyman.
Då var det kakebaking på programmet.
Bløtkake må til på ein slik stor dag.
Pavlova er alltid populært, enkel å lage og nydeleg smak.
Med kjøttsuppe til gjestane på kvelden, må det brød til.
Laga to fletteloff, og to urtebrød.
Kosar meg når eg lagar kaker og gjørbakst,
er ikkje so glad i å lage middag og varmrettar.
For nokre dagar sidan var eg innom ein blogg der eg såg ei som hadde laga kiwisylte.
Sidan der var oppskrift i bloggen, fann eg ut at eg måtte prøve.
I går kveld var eg klar til å sette i gang, men fann ikkje igjen den sida eg hadda vore innom.
Då var det berre å prøve utan,
fire små gjass med grøn fin sylte :-)
..Og den smaka godt.
I dag hadde eg heimelaga knekkebrød med
cottage cheese og kivisylte til frukost.
Herleg sommarmat.








