Viser innlegg med etiketten tunika. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tunika. Vis alle innlegg

onsdag 2. mai 2012

Seks stykker


 Glade fargar.



I helga har eg og nokre av damene i revygruppa eg er med i,
 hatt sang og musikk kveld i kulturhuset her på øya.
Då fekk eg oppdraget å sy kvar sin topp til oss..


Det resulterte i denne modellen.
Ledig og god å ha på, og ein modell som passat alle.




Sydde seks stykker,
tre i turkis/ brun og tre i rosa/lilla.

Vi hadde ein kjempefin kveld med mykje folk i salen
og fekk gode tilbakemeldingar etterpå.

Kjekt å vere med i ei slik gruppe.
Vi har det travelt mens det står på
 men kva gjer der so lenge vi har det moro..

Takk for at du stikk innom bloggen min,
ynskjer deg ei fin maiveke.






tirsdag 24. april 2012

..Og enda ein..

Denne t-skjorta fekk eg i fjor når vi hadde besøk av 
mini-redningsskøyta Elias på Krabbefestivalen.
Og som Redningsskøyta R/S Utvær kom med.
Eg er ivrig medlem i foreninga her på øya som arbeider for Redningsselskapet,
og vi har vore so heldige å fått låne Elias på Krabbefestivalane her på Atløy.

Den 13 og 14 april reiste eg og tre andre frå foreninga til Flørø 
på distriktsårsmøtet for Redningsselskapet.

Då passa det bra å sy om t-skjorta so eg kunne bruke den på møtet.
Her har eg brukt ein brun genser og ein mønstrete tunika i tillegg.



 
Slik blei den, har som sagt allerede vore i bruk.
Likar kombinasjonen med brunt og rødt ispedd kvitt.




Teikna mønster av den brune gensaren før eg klipte den sund,
og brukte det som utgangspunkt.
Brukte stoff frå bolen til ermer og litt av halslinninga,
resten av genseren var utslitt.

 Har brukt litt av den kvitmønstrete tunikaen som pynt på eine erme,
og halve halslinninga.


Den vart litt kort so eg sette på nederste delen som 
var avklipt t-skjorta.
Den var smalare enn tunikaen,
men kvifor ikkje ha ein brei splitt i sidene i staden for høg splitt..

Likar at det ikkje blir slik som det normalt skulle vore :-)


..Og nokre små stoffrestar tilfeldig sydd på skjørtet saman med kjennemerket mitt.




 

søndag 22. april 2012

Kosar meg med gjenbruk/redesign

Har hatt liggande ei t-skjorte med Fylkesbaatane sitt flagg på.
Men sidan eg ikkje likar å gå med t-skjorte pga trang hals
og kjedeleg fasong, har den ikkje vore brukt so mykje.
Fann fram eit avdanka skjørt og anna stoff og sette saksa i..



Etter litt klipping, sying, prøving og feiling,
har eg fått meg ny tunika.
Den har allerede vore i bruk,
og blir nok brukt meir no enn slik t-skjorta var før.



Sette på ein bit av skjørtestoffet i halsen for å få
igjen fargen oppe i plagget.

På ermene har eg laga eit lite legg i staden for å sy inn ermet.
Og knappen er frå eit plagg eg hadde som liten.


Nede på tunikaen sydde eg fast nokre stoffbitar liknande vimplar,
dei er berre festa oppe under navnemerket.

















onsdag 3. august 2011

klipp og sy

No er ein vellukka krabbefestival over for denne gang.
Det har vore hektiske men kjekke dagar,

Veka før gjekk med til forberedelsar av utstilling,
den kjem eg tilbake til seinare,
og øving til revyen vi framførte fredagen.

Søm har det vore lite av i det siste.
Men fredag hadde eg eit par timar ledig mellom klargjort utstilling
og revy-oppvarming.
Greidde ikkje å gjere noko fornuftig i huset,
eller sette meg ned å slappe av til eg skulle av stad igjen.

Då var symaskina einaste utveg,
Gjekk i sybrakka mi og fann roen der
:)


Hadde ei festival-t skjorte frå tidlegare år,
som eg klipte av.
Demonterte to andre tunikaer eg var lei av,
og sydde ihop.



Ikkje lett å ta bilde av seg sjølv alltid..
Prøvde meg på fotoshout i brakka.

Men etter ein times tid hadde eg sydd meg ny tunika,
likar den kjempegodt.


Den vart tatt ibruk som søndagsantrekk på festivalen.
Her er den nyvaska men ikkje stroken,
derfor litt skrukker her og der.
Det rettar seg ut når eg får den på,
er nok litt større enn prøvedokka :)

Dette skal eg gjere med andre t skjorter eg har òg.
Har nokre som eg likar motivet på,
men er ikkje glad i t skjorte fasong,
trivast betre med litt vidare hals og litt figursydd





søndag 8. mai 2011

Tunika



Til påske sydde eg meg tunika.
Stoffet kjøpte eg hos SømBeem på Askvoll,
vår lokale sybutikk.
Gjekk inn der berre for å sjå..
..men då eg kom over dette stoffet,
måtte eg berre kjøpe :)
Stoffet er chiffong,
fora med jersey, eller t-skjortestoff, som eg kallar det.
Foret er sydd som ein smal kjole,
men sjølve kjolen er vidare nede.
For so å strekke foret i nederkant og sy det til kjolen,
då blir det fin balongeffekt.
Har sydd på lukkekant rundt hals og ermer,
so for og kjole heng ihop oppe òg.

Eg ha litt problem som fotomodell,
greier liksom ikkje å stå i ro..
Likar meg best bak kamera.
Men, men, eg er som eg er :)


Kanskje best eg set meg ned :)

Ha ein fin dag vidare.


tirsdag 15. mars 2011

Ny kjole/tunika

Har sydd meg kjole / tunika
av stoffet eg kjøpte på Trapp Ned i Førde.
Dekor, lommer og lukning var slikt
som eg bestemte etterkvart eg sydde.




Bak sydde eg på litt av det einsfarga stoffet og kroklisse.
Kroklisse sette eg òg på nederst, men ikkje rundt heile kanten.
Den ser litt rar ut i fasongen på dette bildet,
kanskje eg knipsa bildet frå feil vinkel.


Ein liten løpegang med snor bak i ryggen,
for å holde inn litt på vidda...


... og løpegang og snor i kanten nede.
Var so heldig å få tak i langerma tynn genser i samme blåfarge som stoffet,
greit å ha no framover våren.


søndag 4. april 2010

Påske

Før påske kjøpte eg eit fargerikt stoff,
hadde lyst på ein tunika i friske og vårlege fargar.
Rakk selfølgeleg ikkje å sy noko før påska satte inn,
men fredag tok eg fram symaskina, og sette i gang.
Fann ut det blei for mykje med berre det mønstrete stoffet,
og fann noko svart i liknande kvalitet frå stofflageret mitt.
So fekk eg bruke litt av det og :)


Som so mange ganger før,
greidde eg å klippe den altfor stor.
Men etter å ha sydd nokre biser frå halsen og ned,
både framme og bak,
vart eg nøgd.

Laga den litt sidare bak,
med planar om å klippe den jevnare seinare,
hvis eg ikkje likte det.
Noko eg merkar, etter å ha brukt den eit par gangar.

Har hatt dotter vår heime på påskeferie frå Oslo.
Det har vore nokre kjekke dagar.
Vi har gått turar, hatt kreative dagar med symaskina,
vore på dans, sett filmar og mykje meir:)
I kveld reiser ho til Oslo igjen,
til nye veker med skulearbeid.

Ha ein flott påskedag :)

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...