fredag 29. april 2011

Sunnfjordbunad

Det har vore lite blogging,
men ein del produksjon og bildetaaking i det siste.
Bla har eg sydd ferdig og levert Sunnfjordbunaden.
Vesten og beltet er frå 1948,
den har eg berre tilpassa jenta som skal ha den.
Ellers har eg prøvd å lage resten slik den var,
berre laga stakken ein del lenger.
Den gamle var mykje kortare før.


Nede har eg brukt opp igjen banda,
den gule og grønne kanten.


tirsdag 12. april 2011

Sjølv om vi har hatt flott vårveir i dag,
har eg vore for det meste inne.
Det går i bunadsaum for det meste.
Lommen har vore ferdig ei stund,
men blogging har vore mindre med.
Sidan bunaden eg held på med er ein gammal som skal ny stakk på,
prøvde eg å lage lommen i samme stil.
Har brukt lommen etter bestemor mi som modell,
og brodert med fargar som passar til bunaden den skal henge på.
No er bunaden klar til prøving,
alltid like spennande når prøving nærmar seg.


mandag 11. april 2011

Småstrikk

Litt strikking må til innimellom bunadsaum
og arbeid.
Brukar fortsatt av garnlageret,
men synest ikkje det minkar noko særleg.
Kanskje eg må lage større ting for å få det til å minke fortare.

Med ein vellukka revvy forige helg,
går det no mot palmehelg og basar for redningsselskapets forening som eg er med i.
Sidan foreningen i år er 80 år,
blir det ekstra kjekt å lage til basar.



Då er det greit å strikke nokre par labbar, tøfler ol. til gevinstar.
Her er eit par Bosniatøfler, ca str 40-41.


Og eit par lommetøflar,
samme som eg har laga tidlegare.



søndag 10. april 2011

Denne prisen har eg fått av tre bloggere:
Siv, quiltoghagetausa, og Noe helt Anna
Kjempekoseleg !


Awarden skal gis videre til 5 blogger som har mindre enn 100 følgere, slik at vi kan la oss inspirere av hverandre.

Reglene er slik:

1. Man må linke til den man fikk awarden fra.
2. Man må sende awarden videre til 5 andre blogger.
3. Man må svare på 5 spørsmål.

Veldig vanskelig å velge, men det blir følgende fem som får awarden fra meg:
Så var det spørsmåla:

Hvorfor startet du å blogge?
Etter å ha følgt med på andre bloggar,
tok eg mot til meg å laga min eigen blogg.

Hvilke blogger følger du?
Mest handarbeidsbloggar, men òg foto,
gjenbruk, interiør mm.

Favorittfarge?
Turkis står høgt på lista der.

Favorittfilm(er)?
Ingen spesiell, ser på det meste utanom skrekkfilmar.

Hvilket land vil du besøke og hvorfor?
Har igrunn ikkje vore so vide omkring.
Men Island har eg hatt lyst å reise til,
ingen spesiell grunn til det ønsket.



Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...