Viser innlegg med etiketten kjole. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjole. Vis alle innlegg

lørdag 28. februar 2015

Liten kjole

For ei tid tilbake kjøpte eg ein god del nøster i Sandnes Duett.
Bør helst ikkje gå in på garnbutikk har eg funne ut,
garnlageret mitt veks fortare enn eg får brukt det opp..

Men no når eg er blitt bestemor er det kjekt å strikke småplagg igjen.
Her er ein kjole eg fann mønster på i Sandnes Duett hefte nr 0907.
Den passa gojenta vår på 3 månader perfekt,
og kjolen kom i bruk med ein gong :-)
 


Desse knappane fekk eg med eit blad ein gong.
Hugsar ikkje kva blad det var.
No kom dei til nytte òg.

Her er det storm og regn i dag.
Ypperleg for innekos med handarbeid :-)



onsdag 1. februar 2012

Liten og rosa

Midtstill
Har strikka ein liten rosa kjole.
Det tok igrunn lenger tid å få på knappane,
enn å strikke den :-)

Mønster: Kreativ Strik
Str: 9-12 mnd
Garn: Viking Baby ull




mandag 10. oktober 2011

Redesign

Forige helg var det redesignkurs igjen,
og eg var selfølgeleg med.
Vanskeleg å bestemme seg for kva ein skal begynne på,
har so mange planar om div gamle kle som skal fiksast på.
Denne gang var det ein avlagt julekjole m paljettar,
og ein tunika/sid jakke etter bestemor som fekk saksa i seg.
Kjolen har eg brukt berre ein gong, likte ikkje fasongen,
men stoffet er jo artig, glitrar som berre det :-)


Tunika/ jakka etter bestemor har eg hatt liggande enda lenger.
Og endeleg fekk eg nytte litt av den.
Fann ut desse stoffa passa fodt ilag.




Her er i allefall ferdigsydd kjole.
Klipte av ermene,
laga nytt bærestykke 0g sydde den inn.


Det var litt for kaldt å ta bilder ute i dag,
men sola skin, og det måtte vi få med.


Bak har eg sydd innsnitt og tatt litt inn i sidene.
So no er julekjolen klar i god tid.

Takk for velvilje til å hjelpe meg med heklinga i forige innlegg.
Kjem igjen med bilder når eg har fått det prosjektet ferdig.
Eller kanskje før..



søndag 25. september 2011

Begynte med nytt enda opp med brukt

Til høgre på bildet er eit flott stoff eg kjøpte for å sy meg tunika..
Men hadde kjøpt for lite, og leitte i mitt store lager av kle og stoff
for å finne noko å supplere med.
Fann bla dette kappeskjørtet til venstre på bildet,
eit skjørt eg kjøpte på salg ein gong i tida.
Ikkje fordi eg likte skjørtet, men falt heilt for stoffet og fargane.



Dette var sist tirsdag, og eg skulle ha noko nytt til helga.
Har nemleg vore på Skei Hotel med ØyaMøya
( revygruppa eg er med i ) m følge.
Vi var ein del av programmet på hotellet lørdag kveld.
Kjempekjekt..
Tilbake til saken.. enda opp med å sy meg kjole av dette skjørtet.
Då eg klipte av kappane og glatta ut, vart det mykje godt stoff.
Heldigvis var foret og av samme stoff,
det blei til bolen.
Ermer og nederst på kjolen er av nederste kappen av skjørtet.


For å stæsje opp litt, sydde eg på ein løpegang over kappen
og sette i det som var knyttebelte på skjørtet.
Duskane knytte eg berre på,
for so å kunne knytte dei av når kjolen skulle i vaskemaskina.



Halskanten skjøtte eg ihop so det vart fleire fargar,
likar det når det ikkje er heilt likt på begge sider.
Kjolen er litt krøllete på bildet.
Grunnen er at den kjem rett frå kofferten,
er at eg brukte den på dansen på hotellet i går.
Og måtte få yngste guten til å ta bilder av meg før han reiste til førde igjen
til ny veke på vidaregåande,
og då tok eg meg ikkje tid å stryke.



Her er ho mor sjølv i festantrekket :)
Litt sliten etter ei helg på hotell,
men det skal ein vel vere.
Må kose seg når ein er på slike oppdrag..


Bak er det ei lita fold i ryggen.
Ellers er kjolen aldri so lite innsvinga i livet og
skråa ut nedover skjørtet.
Stoffet er tynt og lett,
her står kappen ut pga vind.

Kjolen var behageleg i bruk,
kjem nok til å slite på den utover hausten.

Takkar for mange koselege tilbakemeldingar i forige innlegg,
det inspirerar til nye idear.
Fekk foresten nokre lyse idear på bilturen heimover i dag.
Da gjer godt å berre lene seg tilbake å la tankane suse av og til :)


onsdag 14. september 2011

Ballongkjole

Denne kjolen strikka eg ferdig i ferien,
og so har den lagt i fleire veker og venta på å få knappestolpe..
ikkje det kjekkaste eg gjer, men fort gjort når ein først set i gang.
Desverre dårlege bilder, sidan eg tok dei på kveldstid.



Mønsteret er frå boka Retromasker av Tine Solheim, og strikka i Sisu.
Men med litt forandringar.
Har ikkje strikka inn so mange perler som det skulle vere,
og har brukt av garn og fargar eg hadde liggande.
Har strikka den i str 4 år,
men ser no at eg har vore utolmodig med mønsterstrikkinga.
Skjørtet er litt kortare enn det skulle vere,
so den er kanskje ca str 3 år..
Trur eg må finne ei jente i tre års alderen,
so eg får prøve den på.
Får ikkje heilt rette inntrykket av den når kjolen heng på ein klehengar.


Her er nesten rette fargen på kjolen.





mandag 13. juni 2011

Rosa kjole

Har sydd ein kjole på bestilling.
Den skulle vere enkel, smal og rosa.
Får ikkje fin saum med tvillingnål,
so eg brukte denne pyntesaumen til opplegget.




Gjekk utifrå ein topp som passa jenta,
og sydde denne kjolen.
Den ser lang ut på bildet,
men er ca str 8 år og rekk ned til kneet.









torsdag 12. mai 2011

Redesign

På redesignkurset eg var på tidlegare i år,
begynte eg på ting eg ikkje rakk å fullføre då.
No har eg fått dette ferdig.
Fann ei gammal hullete strikkejakke,
og eit vidt skjørt som eg fekk av ei dame for mange år sidan.
Og som eg ikkje har greidd å kaste.
Skjørtet er i fint ullstoff,
so det har fått ligge, kunne jo få bruk for det ein dag :)


Det var med tungt hjarte eg klipte sund jakka
som mor mi strikka for mange år sidan.
Tenk å klippe sundt so mykje arbeid..
..men det skulle jo bli til noko nytt,
so eg trøsta meg med det.


Ein liten detalj, både til pynt og nytte.
For bak denne og ein til er det hull i det som var jakka.


Her har vi då denne fotomodellen igjen..
Kjole vart det i allefall,
og eg vart so fornøgd med den,
at eg trur eg kjem til å bruke den òg.
Må berre vente til høsten, det vart eit varmande plagg.




Bak har eg stesja den opp med ein liten detalj.

Inspirasjon til denne kjolen fekk eg her,
der er mange flotte kjolar laga av strikk og ull.
Ei side som er vel verdt eit besøk.





onsdag 31. mars 2010

Kjole

Denne kjolen strikka eg for nokre veker sidan,
på toget frå Bergen til Oslo, og tilbake.
Mest på tilbaketuren, sidan vi tog nattoget nedover.

Den var bestilt, og jenta har brukt og godkjent kjolen:)
Garn: Napoli frå Gjestal Spinneri.
Str 6 år.


Hekla viftekantar og nokre blomster, og sydde på glassperler...
måtte ha litt pynt på til ei lita prinsesse.


Fortsatt god påske til deg :)

fredag 26. juni 2009

Jonsok og julafta på ein gong:)

Jonsokfeiringa gjekk for seg som vanleg her på Herland.
Vi rigga oss til i båthavna med bord, stolar, grill mm.
Det møtte opp over 100 personar som kjøpte grillmat, kaker og kaffi.


Utpå kvelden vart bålet tent,
og vi kunne berre sitte å nyte det og solnedgangen.
Kan det bli betre...


SJÅ kva eg fekk hos ei dame her om dagen....
Det var nesten som julafta for meg...
Ein stor stabel med gamle stoff, gler meg berre til å sette i gang å sy av dei.


Her er alle oppvaska og klare til produksjon...


Første plagg ut.
Fire enkle sommarkjolar i str eitt til fire år.
Men stabelen er stor enda, so eg tek det sånn litt om litt.

Har ferie no, og har fått akkurat det veiret eg bestilte:)
Og i morgon er vi innvitert i bryllaup, gler meg til det.

Ynskjer alle ein flott sommar vidare.

søndag 14. juni 2009

Sommar og hagearbeid.

Denne krabaten møtte eg på ferjedekk fredag på vei heim frå arbeid.
Det var heilt fullt med bilar, men han hadde sett seg fint ned framfor ein.

Har ikkje noko nytt handarbeid å vise no,
har arbeidt med ein presang, som eg ikkje vil vise før mottakar har fått den:)
Blei ferdig med den denne veka.
So no skal eg ta eit dykk i kassane med garn,
å finne noko som fristar å begynne på.
Må ha litt variasjon mellom teppa eg strikkar og heklar på .



I eine hjørnet i hagen har vi hatt nokre graner, som har iritert meg ganske lenge.
Sette sønnene i huset til å sage. Endeleg skulle vi få vekk desse trea,
som plutseleg var blitt so store......
Men det vart for mykje å sage med handsag.
Fekk låne motorsag, og då gjekk da unna:)
Ein saga og vi andre bar unna, og kjørte det på jonsokbålet etterkvart.
Endeleg kvitt desse ...... granene.


I fjor hekla eg dette skjørtet til min kjære datter,
men har ikkje fått tatt bilde av det før no.
Mønster: Kreative kvinner nr 4 2007
Garn: Baby bomull


For ca tre år sidan sydde eg denne kjolen, når datter i huset skulle på juleball.
Kjøpte svart sateng og blondestoff hos Stoff & Stil, og sette i gang.
Mønster er frå eit Burda blad.
Jenta vart fornøgd med den, og den passar fint enda:)

Sydde lause ermer i blondestoff, men dei har ikkje vore i bruk.
Dei falt ikkje heilt i smak hos brukar:)
Den har eit lite slep bak, men har sydd å hempe på undersida,
som ho kan ha rundt handleddet for å få den opp frå bakken.

Ynskjer alle ein fortsatt god søndag:)

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...