Viser innlegg med etiketten Monsterbukse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Monsterbukse. Vis alle innlegg

søndag 18. november 2012

Garnrestar

 
Bakdelen med å strikke opp garnrestar er når alle endane skal festast.
Men med litt positiv tenking, går no det sin gang òg.




Denne monsterbuksa er strikka og levert for ei stund sidan,
berre eg som er sein med blogging..




Har strikka den i Silja-garn, str ca fem år.
Stripene blei til etterkvart.
Ville prøve å strikke beina ulike,
 då slapp eg å passe på at det var like mykje av kvar farge til begge bein.

På dette bildet ser det ut som om ein beinet er lenger enn det andre,
men dei ER like lange.
Måtte måle ein gong til for å vere sikker,
trur det er stripene og fargane som lurer synet :)




Høyrer guten vart fornøgd og har tatt buksa i bruk,
og då er eg òg fornøgd.






fredag 2. november 2012

Monsterbukse


Sidan eg i det siste har sydd av stoffrestar,
prøver eg å bruke opp litt garnrestar òg.

Monsterbukse har eg lenge tenkt å strikke,
ei god mulegheit å bruke opp smånøster på.
Her er det berre strikken i midja som manglar.




Mønster er i utgangspunktet frå duBedåre.
Garn: Sisu
Str: 6 mnd

Som du kanskje ser er det lilla stykket stripete..
Hadde to smånøster i samme fargenr, men forskjellege partinr.
Strikka tre omg av kvar nøste for å få striper i staden for å få to deler i forskelleg farge.
Utruleg kor stor forskjell det kan vare på partinummer på garn.

Ha ei fin og kreativ novemberhelg :)





tirsdag 17. april 2012

Ukens smil

Kan ikkje skryte på meg at eg har strikka denne buksa,
eller monsterbukse som dei blir kalla,
men tenner og auge har eg brodert på.
Første gong eg prøver meg på å brodere på strikk.

Denne er ei bestilling som eg har fått bilder tilsendt, og teikna mønster frå dei.
Har fått mor mi til å strikke den,
det går litt fortare når ho set igang.


Likte godt denne, håpar å få strikke slik sjølv òg ein dag.

Garn: sisu.


Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...