Det er ei stund sidan eg har blogga.
Travle tider no på vårparten.
Har div handarbeid i sving,
men er ikkje ferdig med noko enda.
Ellers går fritida med til 17 mai komite,
øving i revygruppa eg er med i,
og litt hagearbeid.
Eg er ikkje av dei ivrigaste i hagen,
men styrer på so godt eg kan :)

Pleier å hekle ein del 17 mai roser, for salg, kvar vår,
men i år har eg ikkje fått tid.
Rekk liksom ikkje over alt eg har planar om å gjere..
Skal ta det igjen til neste år.
Kjekt når folk kjem og vil kjøpe slike.
Denne har eg hekla snurra på.

Den øverste rosa er den eg har hekla tidlegare,
men eg likar no den med snurra òg, eg :)

Har funne fram nokre gamle, godt brukte sko,
fekk inspirasjon
her , og planta takløk i dei.

Dette synest eg var grei gjenbruk av gamle sko,
istaden for å kaste dei.

Pus stiller gjerne opp som modell :)

I natt har det regna,
men eg hapar det blir opplett i morgon
når vi skal feire grunnlovsdagen.
Ynskjer alle ein fin 17 mai.