
Har laga nokre små etui
til yngstemann som er begynt på vidaregåande.
Han er begynt på Media og Komunikasjon.
Han ville ha slike til div småting som vart liggande å slenge i sekken.
Den øverste er eit lite etui til minnekortet til kamera dei får låne på skulen.
Og bildet over, har han redigert for meg.
Likte det so godt at eg måtte legge det ut på bloggen min.

Her eit lite overblikk av alle tre.
Ikkje noko avanserte greier, dei er laga i full fart.

Dette er det to rom i,
til minnepenn og anna småting.
Er laga av nokre skai-restar og litt bomullstoff.

Denne er av ulltepperestar, og med to rom i.
Grei til ungdomskort ol som ein måtte ha liggande.

Dette er den som var på første bildet.
Greit å ha noko å ha desse dyre minnebrikkene i,
so dei ikkje blir ødelagt i penalet.

Har funne gamle knappar til å sette på.
Den nederste har eg hatt liggande i ca 25 år..
Den har eg trekt sjølv,
og er etter ei drakt eg sydde då eg gjekk på yrkesskulen i si tid :)
Det kjem som oftast til nytte ein gong :)
Ha ei super helg.