
På ei bloggvandring såg eg ein sjøulk,
men finn desverre ikkje igjen bloggen eg såg den i.
Falt fulstendig for denne karen og berre måtte lage ein.
La inn bestilling av garnpakke hos Den blå tråd,
og etter eit par dagar kom den i posten.
Her er den ferdigstrikka, klar til toving.

Alltid like spennande når ein set på vaskemaskina og ventar på resultatet.
Og etter tørk, montering av sjegg, pipe
og hekling av fiskegarn.
Er eg fornøgd med sjøulken min.

Det vart ein staseleg kar,
som for øyeblikket skjuler ei flaske vin.

Med tida har eg planar om å lage fleire.
No blir det mest forberedelsar til Krabbefestivalen vi skal ha neste helg.
Med revy, krabbe i massevis, utstilling, aktivitetar for store og små
og mykje moro i heile helga.
Men det er alltid tid til litt handarbeid no og då.