
Til høgre på bildet er eit flott stoff eg kjøpte for å sy meg tunika..
Men hadde kjøpt for lite, og leitte i mitt store lager av kle og stoff
for å finne noko å supplere med.
Fann bla dette kappeskjørtet til venstre på bildet,
eit skjørt eg kjøpte på salg ein gong i tida.
Ikkje fordi eg likte skjørtet, men falt heilt for stoffet og fargane.

Dette var sist tirsdag, og eg skulle ha noko nytt til helga.
Har nemleg vore på Skei Hotel med ØyaMøya
( revygruppa eg er med i ) m følge.
Vi var ein del av programmet på hotellet lørdag kveld.
Kjempekjekt..
Tilbake til saken.. enda opp med å sy meg kjole av dette skjørtet.
Då eg klipte av kappane og glatta ut, vart det mykje godt stoff.
Heldigvis var foret og av samme stoff,
det blei til bolen.
Ermer og nederst på kjolen er av nederste kappen av skjørtet.

For å stæsje opp litt, sydde eg på ein løpegang over kappen
og sette i det som var knyttebelte på skjørtet.
Duskane knytte eg berre på,
for so å kunne knytte dei av når kjolen skulle i vaskemaskina.

Halskanten skjøtte eg ihop so det vart fleire fargar,
likar det når det ikkje er heilt likt på begge sider.
Kjolen er litt krøllete på bildet.
Grunnen er at den kjem rett frå kofferten,
er at eg brukte den på dansen på hotellet i går.
Og måtte få yngste guten til å ta bilder av meg før han reiste til førde igjen
til ny veke på vidaregåande,
og då tok eg meg ikkje tid å stryke.

Her er ho mor sjølv i festantrekket :)
Litt sliten etter ei helg på hotell,
men det skal ein vel vere.
Må kose seg når ein er på slike oppdrag..

Bak er det ei lita fold i ryggen.
Ellers er kjolen aldri so lite innsvinga i livet og
skråa ut nedover skjørtet.
Stoffet er tynt og lett,
her står kappen ut pga vind.
Kjolen var behageleg i bruk,
kjem nok til å slite på den utover hausten.
Takkar for mange koselege tilbakemeldingar i forige innlegg,
det inspirerar til nye idear.
Fekk foresten nokre lyse idear på bilturen heimover i dag.
Da gjer godt å berre lene seg tilbake å la tankane suse av og til :)