søndag 11. april 2010

Sunnfjordbunad

I vinter har eg brukt mykje av fritida mi til bla. bunadsaum.
Det er første gang eg lagar heile bunaden sjølv.
( ikkje skjorte )



Etter å ha brodert kanten nede på stakken,
skal det påsyast grønt stoff nede,
og handvevde band langsetter.


So er der å rekne ut størrelsen på foldene.
Ca 3,5 m vidde skal fordelast til 60 folder.
Har heldigvis ei dame her i nærleiken som er tolmodig,
og viser meg korleis dette skal gjerast.

Her er alle foldene tråkla,
klar til pressing.

Fortsettelse følger :)

Ha ein flott søndag vidare.











onsdag 7. april 2010

Vårteikn


For ei veke sidan,
kom eg over dette flott vårteiknet.
Den stod i grøftekanten og strekte seg mot sola.


Det er vel eit vårteikn dette og,
skjora er begynt å bygge reir.
Utanfor kjøkkenet, held to skjorer på
å gjere klart til egga skal leggast.
Eg har vore tilskodar frå kjøkkenglaset,
fin måte å prøve ut det nye kameraet mitt på.
( no slepp eg å bruke mobilen som kamera )


Ikkje at eg gler meg til egga blir klekt,
det er mykje bråk når skjora skal til å mate ungane sine.
Men det er fasinerande å sjå kor dei strevar med å hente kvistar,
og få dei på plass, og reiret tek form.

Ha ei flott og vårleg veke vidare.



søndag 4. april 2010

Påske

Før påske kjøpte eg eit fargerikt stoff,
hadde lyst på ein tunika i friske og vårlege fargar.
Rakk selfølgeleg ikkje å sy noko før påska satte inn,
men fredag tok eg fram symaskina, og sette i gang.
Fann ut det blei for mykje med berre det mønstrete stoffet,
og fann noko svart i liknande kvalitet frå stofflageret mitt.
So fekk eg bruke litt av det og :)


Som so mange ganger før,
greidde eg å klippe den altfor stor.
Men etter å ha sydd nokre biser frå halsen og ned,
både framme og bak,
vart eg nøgd.

Laga den litt sidare bak,
med planar om å klippe den jevnare seinare,
hvis eg ikkje likte det.
Noko eg merkar, etter å ha brukt den eit par gangar.

Har hatt dotter vår heime på påskeferie frå Oslo.
Det har vore nokre kjekke dagar.
Vi har gått turar, hatt kreative dagar med symaskina,
vore på dans, sett filmar og mykje meir:)
I kveld reiser ho til Oslo igjen,
til nye veker med skulearbeid.

Ha ein flott påskedag :)

onsdag 31. mars 2010

Kjole

Denne kjolen strikka eg for nokre veker sidan,
på toget frå Bergen til Oslo, og tilbake.
Mest på tilbaketuren, sidan vi tog nattoget nedover.

Den var bestilt, og jenta har brukt og godkjent kjolen:)
Garn: Napoli frå Gjestal Spinneri.
Str 6 år.


Hekla viftekantar og nokre blomster, og sydde på glassperler...
måtte ha litt pynt på til ei lita prinsesse.


Fortsatt god påske til deg :)

tirsdag 30. mars 2010

Basar

Lenge sidan eg har blogga no, har vore ein travel månad.
Men kjem sterkt tilbake :)
Takker for alle fine komentarar eg har fått framover,
noko eg set stor pris på.


Søndag hadde vi basar i Kulturhuset her på øya.
Eg er leiar i redningsforeningen her,
og vi har basar kvart år på palmesøndag.
Vi samlar inn pengar til Redningsskøytene,
som reddar liv langs heile kysten.
Mykje flotte gevinstar, både heimelaga og kjøpte.

Salen var pynta i påskefargar,
det kom ca 150 personar til basaren.
Kjekt å lage til,
når so mange tek turen og støttar saka vi arbeider for.

Vi fekk òg besøk av representantar frå selskapet sitt kontor i Florø,
som kom med redningsskøyta Halfdan Grieg.
Og mannskapet var med og informerte om skøytene sitt arbeid.

Kaker til kaffien stod klar,
til å bli fordelt ut på borda til gjestane.

Åresalget gjekk strålande,
vi fekk inn ein fin sum pengar,
som blir sendt vidare til støtte til redningsskøytene våre.

Ynskjer alle som besøker bloggen min,
ei riktig god påske.
Blir glad for ein liten komentar, når du likavel er innom :)


tirsdag 2. mars 2010

Sekskantar

Har funne fram igjen posen med sekskantane mine.
Den har eit lag å forsvinne bakom noko anna i periodar..
For så å dukke opp sånn av og til.
Då er det om å gjere å vere ivrig med heklenåla.
Her er 13 nye tilskudd i samlinga :)



Er so smått begynt å sy ihop lappane.
Har fått den lengda eg vil ha på det,
men må nok sy på fleire i breidda.
Tenkte på 2 m x 1,5 m.
Det vil sei ca 360 lappar, eg har 220 stk ferdig.
140 til, so er det i boks :)

Får sjå kor langt eg kjem,
før det må vike plass for noko anna spennande handarbeid :)

mandag 1. mars 2010

Isskrapevottar

Har strikka og tova nokre isskrapevottar.
Skulle vore produsert litt tidlegare på vinteren,
har hatt god bruk for desse då.
Men da kan enda komme meir snø,
eller so får dei ligge til neste vinter.

Har brukt av garnlageret mitt denne gangen og.
Strikka i Trysil garn, og div pelsgarn.

På turen i Oslo greidde eg å la vere å kjøpe garn,
men eit par meter stoff vart med heimover.
Ganske kry av meg sjølv der ;)
Skal heller prøve å bruke meir frå garn og stoff lageret mitt,
til alle prosjekta eg har planar om.


Ha ei flott veke :)



Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...