
Her er ei veske som har lagt leeenge å venta på å bli ferdig.
Har gått ut ifrå eit mønster i boka:
Strikk og tov, av Gerd Fjellanger.
Og brukt garn frå garnlageret mitt.
Den er strikka i Trysil-garn og tova,
med strikka og tova blondekant i tynnare garn,
trur det var ein rest Kauni-garn.

Hank og snora rundt kanten er reimer frå eit belte
som aldri har vore i bruk.
Og pynta med nokre tunge glitrande smykke-perler,
for å få tyngde på snorene.
Synest det vart fint med litt glitter til den grove veska.

Inni har eg laga ein lomme av stoff,
som er restar etter eit skjørt eg la opp for ein stund sidan.
Og ei snor med karabinkrok i, du ser litt i den i venstre sida.
Ha ein fortryllande dag :)