torsdag 22. mai 2014

Alltid like kjekt når den passar.

 
Enda ein bunad blei levert i `god`tid ( i allefall nokre dagar) før konfirmasjon.
Har funne ut at eg arbeider best under press, når eg har lita tid :-)
Maljedukar, lomme og brodering av kanten nede er gjort av søster og mor til konfirmanten i fellesskap.
 
 


Eit lite glimt av ryggen.


Og her ved levering og godkjenning.
Ho skulle ha sølvbelte,
 derfor har eg ikkje sydd beltespenne på fangbandet.
( det ser du betre på første bildet)
 
Då er det ein liten pause i bunadsaum før eg set i gang med neste års bestillingar.
Når det gjeld bunadsaum, går året frå mai til mai her hos meg :-)
 
 



onsdag 7. mai 2014

Islender med raglanfelling


Eit tidløst mønster..


I vinter strikka eg denne genseren/islenderen.
So kry når eg har strikka av garn frå mitt store lager :-)
Det oransje er opprekkgarn frå ei jakke eg ikkje var heilt fornøgd med.
Det kvite, og det oransje, er Rubin frå Spar Kjøp.



Begynte på eit islendermønster.
 Men når eg kom oppover bolen, fekk eg lyst å prøve å strikke raglan i stadenfor.
 Kjekt å sleppe å sy og klippe opp, for so å sy på ermer og strikke hals. 
Dette ga meirsmak, vips so var det berre å legge til rundt halsen og feste trådenden:-)

Gensaren er str 6 år, og blei gitt som gevinst på redningsbasaren vår Palmesøndag.

Ligg på etterskudd når det gjeld blogging, dagane er for korte for min del :-)
Men det er igrunn eit luksusproblem.
Skal vere glad ein kan og er god til å gjere/lage det ein vil.

Takk for besøket, ynskjer deg ein fin dag vidare :-)


fredag 2. mai 2014

Fornøgd jente med ny bunad.

I påska leverte eg sunnfjordbunad til ei flott jente som skal komfirmerast 10 mai.
På dette bildet er det min eigen lomme som heng på,
var ikkje ferdig med lommen til bunaden då eg tok bildet.



Lomme blei til etterkvart, og er levert med bunaden.



Ingenting er som eit stort fornøgd smil på jenta når ho får på seg ferdig bunad.

Ynskjer jenta og familien tillukke med komfirmasjonsdagen.




søndag 6. april 2014

Blå luer

Denne lua har eg strikka etter dette mønsteret.
Har strikka den i Viking Sportsragg, på pinne nr 4.

Den vart litt slapp i kanten/brotet.


Betre å sjå på modellen.

Fin bakfrå.


Denne lua fekk eg i oppdrag å strikke frå ei dame.
Ho hadde ei lue ho likte godt, som eg fekk sjå etter då eg strikka ny til ho.

Beklager dårlege bilder nedover.
Lua vart dampa og tatt bilde av i all hast tidleg ein morgon, før eg reiste på arbeid.



Etter litt telling, måling og feilstrikking blei lua ferdig.
Denne er strikka i Viking Balder på pinne nr 7.


Blei passeleg, men kanskje litt varm no når det mildnar i veiret.
God å ha til vinteren igjen :-)


Har strikka ni fletter som går ihop på toppen.
Dei to siste bilda er mest lik orginalen i fargen.




tirsdag 1. april 2014

Lomme til bunad

 
No vårast det, og med våren aukar bunadproduksjonen her hos meg.
Eg har ei dårleg uvane at eg ikkje kjem igang med bunadane før eg må..
Og lovar meg sjølv at neste års bunadsaum skal eg komme igang med mykje tidlegare.
 
Denne lommen til Sunnfjordbunad sydde eg merkeleg nok i god tid :-)
Det er ein litt anna modell enn den eg ellers lagar.
Den er meir lik lommen som bestemor mi hadde på sin bunad.
 
Den er ferdigsydd og sendt til kunde.
Då eg tok bilete, såg eg at høgre hjørne var litt skjeivt,
men det er fiksa.
Spretta opp igjen slik at eg fekk jevna ut kanten so lommen blei lik på begge hjørnene.
 
 



tirsdag 11. mars 2014

Låg lenge halvferdig..

Endeleg har eg sydd ferdig denne toppen.
Har hatt den liggande i lang tid, nesten ferdig,
sjølv om det ikkje var mykje arbeid igjen på den..
 
Ser skjeiv ut, men det var litt vind under fotoshouten :-)



Mønsteret er frå eit Alt om handarbeide blad, med litt forandring.
Stoffet er eit tynt blusestoff frå mitt store stofflager.




Mest arbeid var det med pynten på framstykket.






søndag 23. februar 2014

Litt av kvart

Har visst fleire bilde av div eg strikka før jul..
Bla desse trekka med tennbrikkettboksar som eg ga som julepresangar.
Her er seks av ni, nokre vart pakka inn før eg rakk å ta bilde..



Har strikka to trekk til Ipad.
Var ikkje heilt sikker på korleis eg skulle ha toppen, so eg prøvde to variantar.



Eit med knapphol i vrangborda,
 og andre hekla eg lokk på.
På mønsteret skulle det berre vere hempe over kanten,
men då fekk ikkje Ipad`en beskyttelse oppå..



I det siste har det vore litt luestrikking.
Her ei Kvikk Lunsj lue strikka i Juvel.



Har prøvd meg på luer med fotballnavn på.


Liverpool er godt likt av ein i heimen,
 so det vart første prosjekt.


You`ll never walk alone, står det rundt kanten.


Hadde garn og rette fargane etter kvikk lunsj hua,
so eg trengde ikkje kjøpe garn til denne.


Neste hue ut er denne..


Manchester United er laget,
strikka i rødt,gult og svart..


Logo både framme og bak..


Strikka i Viking Sportsragg.







Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...