mandag 30. august 2010

Brakka mi :)

Ops..det har gått over ein månad sidan eg har blogga...
Det har vore ein travel månad,
der data og blogging har har vorte utsatt gong på gong.

Men no vil eg vise kva eg har fått :)
Denne brakka hadde pappa ståande til inga nytte.

Den har berre stått der og samla rot og skrot.

I vinter har han tømt den for alt inventar...


...skifta og flytta vindauge og dør,
og sett på ny bordkledning.


I juni slepa han den ti kilometer heim til meg.
Vi kjøyrde kortesje, ein bil framfor og ein bak.
For å passe på om det kom bilar mot eller etter.


Her blir den satt på plass.
Eg var klar til å starte ferien min med å klargjere brakka inni.

Har mala vegger og tak kvitt,
og lagt ned nytt golvbelegg.


Har ikkje fått innlagt strøm enda,
men har ein skøyteledning so eg får sy litt mens eg ventar.

Har fått flytta inn noko av alt eg har hatt liggande rundtom i huset.
Eit stort klippebord som pappa har laga til meg.
Det er 210 x 140 cm,
og passe høgt so eg slepp å bøye ryggen når eg står attmed det.
Det tek litt mykje plass,
men ein viktig til å ha når eg skal til med vinterens bunadsaum.


I den andre enden skal eg ha alle tinga eg lagar,
som eg ikkje gjer vekk eller brukar sjølv,
kanskje nokon stikk innom og vil kjøpe..

Skal skru opp hyller ol.
men må vente med det til brakka er komt skikkeleg på plass.
Pappa skal komme med gravemaskin å planere ,
so vi kan flytte brakka av hjula og ned på fast grunn.

Skal komme med fleire bilder når alt er klart,
til då kooosar eg meg i syrommet(brakka) so lenge :)

So har eg mykje å ta igjen å sjå på alle bloggane eg følger,
lenge sidan eg har vore på bloggrunde no :)

lørdag 24. juli 2010

Sommar hekling

I sommar er eg begynt på nytt teppe,
denne gangen heklar eg eit einsfarga.
Har 55 firkantar til no,
greit arbeid å ha med i veska.
Vi kjøyrde til Oslo i ferien og henta flyttelasset til dotter vår,
då hekla eg heile bilturen, foruten då det var min tur å kjøyre :)
ellers blir det ferjehekling til og frå arbeid,
og når eg har ledig tid.
Reiser ikkje langt uten handarbeid i veska:)


Har gått ut ifrå dette mønsteret.
Nesten samme mønster som var i Familien for ikkje so lenge sidan,
men då som gryteklut.
Eg brukar garnet Rubin frå Spar Kjøp.

Har ikkje fått tid å sjå innom alle bloggane eg følger,
har det litt travelt for tida.
Er med i ei revygruppe her på øya,
og vi er i full innspurt til framsyning på Krabbefestivalen
som skal vere her neste helg.
Blir litt travelt med arbeid på dagtid og øving om kvelden.
Men det er verdt det, vi har det SO moro :))


torsdag 22. juli 2010

Dette var moro.

Mens nokon i huset har telt mål og kampar under fotball VM,
har eg telt masker og kast.
Det er forste gang eg har strikka slike sjal,
og det var ei artig utfordring.
La opp 430 masker, strikka litt,
rekte opp igjen og begynte på nytt.
Tre ganger, før alt stemte,
har lyst å lage fleire slike med tid og stunder :)
Bestilte mønster til Islandsk brudesjal,
m garn: SPINNI 100% naturull,
hos Pinnsvin Design.
Flott service og rask levering.




fredag 16. juli 2010

Veggur

På Ikea fann eg denne litt store,
trur det var grillwook den skulle brukast til.
Men det første eg tenkte på var ei klokke :)
Sidan eg hadde eit urverk liggande heime,
kjøpte eg denne med tanke på det.

Det er kanskje ikkje so enkelt å sjå kva klokka er,
men eg synest den vart flott likavel.


onsdag 14. juli 2010

Ferie

I ferien har eg og min kjære datter har vore på nokre dagers biltur,
mens dei andre var igjen heime.
Ein aldri so liten jentetur :)

Stoppa bla ved Hillesvåg Ullvarefabrikk,
ein plass eg lenge har tenkt å besøke.


Der vart det sjølvsagt litt handel :)
Av både garn, ullsokkar o.a.


Og når vi først var på den kanten,
måtte ho mor innom Stoff & Stil òg.
Her kosa eg meg både vel og lenge..


- og var godt fornøgd med veska full av godbitar,
då eg kom ut derifrå :)

Ellers var vi på Ikea og på besøk hos venner og kjente,
som vi sjeldan tek oss tid til ellers.

Vi hadde rett og slett nokre kjekke dagar på tur,
både mor og datter.





onsdag 30. juni 2010

Man tager hva man haver :)

- Eit ullteppe og ein gammal kjole er brukt til denne veska.
Mønstert heiter: Sissel`s veske.

Har prøvd meg på litt quilting,
her må det visst øving til..
Har quilta med turkis tråd, det viser ikkje so godt på bildet.
Men no ser eg at eine hanken er sydd skeivt på....
Men den får berre vere slik,
den er jo HAND MADE :)


Romsleg og god veske, det liker eg.
Må jo vere plass til handarbeid,
i tillegg til alt anna ein kan få bruk for.


Inni er det pennelomme, snor med karabinkrok
og ein glidelåslomme.
Det vart litt tjukt å sy på lukkekanten,
men skulle berre mangle, med fleire lag ullteppe under nåla :)

Er ganske fornøgd med den.


onsdag 23. juni 2010

Endeleg orden.

No har eg sydd oppheng til rundstrikkepinnane mine.
Endeleg har eg full oversikt over størrelsar,
og enkelt å finne rette str når eg treng slike.
Har funne inspirasjon på Bentes Roterom.


Eg har brukt stoff av gamle gardiner og anna frå lageret mitt.
sidan dette er eit prøve-eksemplar.
Men eg er ganske fornøgd, og so praktisk, då :)

Ha ei flott jonsok.



Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...