tirsdag 18. september 2012

Nytting av småbitar


Det er blitt enda nokre mobil-/Ipod etui av smårestar.
Dette er vattert med tynn vatt.



Og dette er uten vattering.
Har sydd på to hemper slik at den kan henges rundt halsen.


Etter ein fridag som til no har resultert i knekkebrødsteiking,
laaang og koseleg regnveirstur med ei veninne langs ein ellers våt sti og nokre runder innom div bloggar.
Dropper eg planlagt støvsuging og heller går i brakka/syrommet mitt og får ut litt av all inspirasjonen eg fekk på nettet. Kva resultatet blir er det ingen som veit..
 
Ha ein fin tirsdagskveld :)
 
 


søndag 16. september 2012

KVIKK LUNSJ




I sommar hadde vi koseleg besøk av ein kar frå Bergen.
Han lurte på om eg kunne strikke KVIKK LUNSJ hue.
Det er noko som eg lenge har tenkt å gjere, so no hadde eg god grunn til å sette i gang :)
 Når eg endeleg fann garn i rette fargane, var det ikkje so lenge gjort.
Og ei blei til tre, hadde visst kjøpt inn rikeleg garn..




Mønsteret fann eg her.
Men desse er strikka i Juvel.

Takkar for hyggelege tilbakemeldingar frå tidlegare innlegg.




lørdag 8. september 2012

Teppe

Endeleg var det veir til å ta bilde av teppet ute.
 Satt sammen av 90 heklaruter og med ein blondekant rundt, 
er eg vel fornøgd.


 

Har brukt 1980 gr Rubin Superwash.
Og teppet måler 180 x 150 cm flatt mål.

 

Dette er andre teppet eg har hekla  i dette mønsteret.
Her er det forige eg laga.

Ha ein super laurdagskveld.



 



fredag 7. september 2012

Av småbitar..


 Etter opplegging av bukser var der eit par biter som var for store til å havne i bosset.




Sprette opp sømmen på avklippa og fann fram litt andre bitar frå samlinga mi.




Eit mobil-/iPhone etui frå boka: Made by me, og mlnster frå UnePune.
Pynta litt med stoffbitar, og vattert med tynn vatt.



Og pengepung frå samme boka, og mønster frå Gurimalla.
Pynta med ein blonderest og fora med stoff frå ei gardin.


Kjekke ting å lage av småbitar eg ikkje klarer å kaste.

Ynskjer deg ei fin septemberhelg.




fredag 29. juni 2012

Gjenbruk av bilbelter

Her skal eg vise deg mitt spennande prosjekt :)
 
Er so heldig å har fått mange avklipte bilbelter,
og endeleg kan eg prøve ut noko av det eg har hatt planar om lenge.


Enda kjekkare når dei er i forskjellige fargar,
her har eg mykje kjekt arbeid framfor meg :)


Har som sagt tenkt på dette lenge, 
men den veska eg hadde i tankane såg ikkje slik ut..
Begynte å klippe, og tenke og sy.
Idear og planar blei forandra etterkvart,
og fann fort ut at eg har idear til fleire veskemodellar klar.
Kom på for mange detaljar til å ha alle på ei veske.


Denne veska har eg sydd av bilbelter og lin.
Er spent på kor sterk lin er i slik bruk,
sette derfor  forsterkningar ved bunnen,
det er vel der slitasjen er.


Mykje grubling om toppen av  veska, 
korleis skal lukninga vere..ol.
Enda opp med glidelås,
 krok utanpå til å henge bilnøklar i mens ein er utav bilen eit ærend,
og lange nok hank til å ha veska på skuldra.
Likar ikkje desse veskane som er slik kort hank på..


 Litt forsterka bunn blei det òg.
Med "knottar" under, dei er jo på bilbelta frå før.


Inni har eg fòra med bomullsgardiner etter ei tante.
Eit par lommar i lin, og selfølgeleg nøkkelsnor.


 Er storfornøgd med veska,
stor og god med plass til alt eg berre må ha med når eg er utav huset.
Det har tatt ei god stund å lage den sidan den er blitt forma etterkvart som eg sydde.

Har enda meir igjen av bilbelta, og det er godt, 
for planane er mange enda :)

Ha ein fin dag.


 


tirsdag 26. juni 2012

Bryllupshelsing

Som nevnt i forige innlegg, har eg laga pute som bryllupspresang.

Har i lang tid tenkt å sy pute med bilete på.
Papir til å kopiere bilete på hadde eg liggande frå tidlegare,
og stoff og blonder er det rikeleg av i sybrakka mi.



Då var det berre bilete av brudeparets son som mangla..
Fekk bruda si mor til å ta bilete av guten å sende meg på mail.
Redigerte det om til svart-kvitt og skreiv det ut på spesialpapiret til dette formplet.
Strauk biletet på kvitt bomullstoff og sydde det på lin.
Med blonde rundt vart eg godt nøgd med resultatet.




Kjekt å gje personlege gaver.
Ikkje alltid like enkelt å vite kva ein skal gje som helsing på ein slik stor dag.







søndag 24. juni 2012

Kvite roser


Har prøvd meg på kortlaging igjen.
Sjølvaste jonsokafta var eg med å servere i eit nydejeg jonsokbryllup.
I den anledning fekk eg lyst å lage kort til brudeparet sjølv,
i staden for å kjøpe.
Var på Bokuben i Førde og fekk god hjelp til å plukke ut papir, blomster ol
til å lage kortet av.



 Gjekk greit å lage når eg fekk med meg gode idear frå hyggeleg betjening.



Kvite roser i solnedgang.



Som helsing til brudeparet sydde eg ei pute,
den kjem i neste innlegg.
Pakka den inn i silkepapir og blomsterplast,
med tau rundt.



Kortet la eg under plasten.
Det er lett føre når det er mange gaver samla at kort gjerne dett av pakkane,
 og ein ikkje finn ut kva kort som høyrer til kva gave.


Ynskjer deg fine sommardager.





Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...