onsdag 30. september 2009

Fornying

Har hatt denne jakka hengande lenge,
utan at den har vore i bruk so mykje.
Likte ikkje at det var kvit krage, synest ikkje eg passar kvitt opp mot ansiktet.
I sommar la eg opp eit skjørt til datter mi,
men greide SJØLVSAGT ikkje å kaste avklippet.
Dette dukka opp igjen her om dagen,
og då fann eg ut at det måtte passe ypperleg til krage på jakka mi.


Sydde stoffet på krage og ermer....


...og litt detaljar bak på ryggen.


Nærbilde av erme...


....og kragen.

Vart ganske fornøgd med prosjektet,
trur jakka blir meir brukt no enn ho har vore på lenge.

I morgon kveld reiser eg og yngstemann til Bergen,
og vidare til Oslo med natt toget.
På besøk til datter i huset.
Skal vere der nokre dagar av høstferien, som begynner neste veke.
Har tenkt å pakke med rikeleg med garn,
kan få gjort mykje fornuftig på hurtigbåten til Bergen og togturen vidare :)

Blir kjekt med ein tur, håpar på betre veir der enn vi har hatt her :)

Gler meg til ein tur.


8 kommentarer:

  1. Fin jakke.Du kjem på det meste. God tur til Oslo,kos dåkke!

    SvarSlett
  2. Jakka var kjempestilig, og ingen har maken til deg.;-D God tur til Oslo, vi reiser til Ålesund neste torsdag, gleder oss.

    SvarSlett
  3. Jakka blei jo heilt ny :) Stilig :)
    God tur til Oslo!

    SvarSlett
  4. Jakka blei kjempefin Ann Tove. Ha ein fin tur til Oslo.

    SvarSlett
  5. Den vart jammen lekker! Ser ut som ei heilt anna jakke.

    SvarSlett
  6. Så flott det ble med litt ekstra pynt. Håndarbeid er noe av det viktigste man pakker - det tar ofte nesten like lang tid som å pakke alt det andre. Iallfall hos meg. Kos deg på tur.

    SvarSlett
  7. Fin måte og få ny jakke på :-) God helg

    SvarSlett
  8. Flott fornying av jakken!

    Kliviaen i vinduet ditt var veldig fin. Her i California vokser de i hagene og det forundrer meg hver gang jeg ser en.

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...