mandag 28. september 2009

Helgekos

Fredag kveld kom dattera vår heim på besøk frå Oslo.
Blir ikkje heimtur kvar helg når ein går på skule so langt vekke.
So då laga eg vannbakkelskrans,
som vi kosa oss med etter middagen.



Forige veke strikka eg lue til ho,
etter mønster i boka Maskeball, av Tine Solheim.
Med litt forandringar,
kortare fletter og droppa toppen som skulle strikkast på lua.



Søndag sydde ho seg veske.
Fann mønster i Alt om Håndarbeide 8/09.

Fann svart stoff i lageret mitt og lyst blomstrete fòr,
som ho òg brukte som dekor utanpå.

Veska vart kjempefin, og blei med på turen tilbake til Oslo i dag.







4 kommentarer:

  1. Kjekt å få besøk av avleggarane, spesielt når det er store avstandar, og ein ser dei sjeldan. Eldste hos oss har ikkje vore heimom enno, så i slutten av haustferien reiser eg og nest eldstemann nordover til Ålesund.

    Såg ut til å vere ei god og varm lue du har strikka, og skikkelig fin var den òg.

    FIN VEKE til deg.

    SvarSlett
  2. Det må være hyggelig med besøk. Så flott veske hun har sydd seg, forstår godt at den ble med tilbake til Oslo. Tøff lue og herlig bakst. Ønsker deg en fin tirsdag :o)

    SvarSlett
  3. Forstår godt at det blei kos i heimen, kjekt når ungane kjem heimom.
    Fin lue du har strikka til ho, og at den er varm kjem godt med, det er kaldt i Oslo :)
    Ho går vist i mor`s fotspor, flink å sy. Veska blei tøff den.
    Ha ein fin dag.

    SvarSlett
  4. Så flinke de er begge to! alltid kos når barna kjem heim.

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...