torsdag 8. oktober 2009

Oslotur

Har hatt langhelg i Oslo.
Var innom teknisk museum ein tur, der var det mykje å sjå på.
Her er eg framfor eit fargekamera :)


Fin statue framfor rådhuset.


Dotter mi tok meg med til Grønland,
for å vise meg dei flotte stoffbutikkane der.
Der var fleire butikkar overfylt med fargerike stoff.
Der kunne eg gått lenge og berre sjå...
Spurte fint om lov å ta eit bilde, for å vise litt av alt det flotte.



Er ikkje enkelt å la vere å kjøpe,
når ein kan få 4,5 meter flott kjolestoff til ein 50.- lapp.
Men måtte tenke på at eg skulle frakte det med meg heim,
med buss, tog, hurtigbåt, ferje og bil .



Desse grønne, lilla og mønstrete stoffa,
har eg tenkt å sy ein kjolar av.




Var på Strikkedilla og kjøpte litt garn.
Grå Freestyle til vest.
Eit par lysegrønne Kitten Mohair til eit sjal,
mini Palett og online garn som eg ikkje har prøvd å strikka av før.
Bildet vart opp ned,
berre slikt som skjer av og til,
når eg lastar ned bilder til bloggen.



Måtte kjøpe ei ekstra veske, slik at eg fekk med meg alt heim :)
Var innom SØSTRENE GRENE på KarlJohan,
ein artig butikk med mykje rart.
Denne veska kunne eg ikkje gå ifrå...



På togturen heim var det snøstorm på Finse, Brrr.



Når vi kom heim,
stod denne og blomstra so fint i glaskarmen.
Kjekt med fine fargar i stoveglaset, i ein ellers so grå og regnfull haust.
Dette er berre litt av alt vi har fått med oss desse dagane.
Har hatt ei innhaldsrik og koseleg helg,
og til og med fått sjå sola igjen :)

7 kommentarer:

  1. Ser ut som du har hatt en flott tur med mange opplevelser og inntrykk.

    SvarSlett
  2. Høyrest ut som ei super langhelg med kjekke opplevingar :)

    SvarSlett
  3. Godt å være borte, godt å komme hjem;)
    Tydeligvis en koselig tur;)
    Kos deg i helga også og klem fra meg;)

    SvarSlett
  4. Håper du viser fram de fine kjolene du har planer om å sy. Det var noen flotte stoffer - slike butikker er nesten soom godtebutikker for voksne. Stilig veske du har fått tak i.

    SvarSlett
  5. Flott helg skjønner jeg og masse godbiter som har blitt med hjem. Hvor i Karl Johan ligger SØSTRENE GRENE? Har vært i denne butikken i København, men visste ikke den var i Oslo. Ha en flott dag.

    SvarSlett
  6. Forstår at du har kosa deg i hovudstaden :)
    Mykje fint har du fått med deg heim og, blir spennande å sjå dei ferdige prosjekta dine ;)

    SvarSlett
  7. Ser at du likte deg i Oslo,du skal vel sy nokre lekre kjoler av desse flotte stoffa,skal bli spennande å sjå.Artig veske.

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...