lørdag 9. januar 2010

Hadde litt til overs...

Tenkte å prøve å få brukt opp noko av alt garnet eg har liggande,
noko som ikkje er enkelt.
Det blir som regel kjøpt nokre nøster når eg kjem i nærleiken av ein garnbutikk..
Det er so mange fine nøster i flotte fargar,
som berre ber om å få bli med heim.

Hadde litt igjen av Napoli exlusive,etter forrige kjole,
og strikka ein kjole str 1/2 år.
Har lyst å kjøpe meir av dette garnet,
likar godt å srtikke av det.

Men so var det eg som skulle bruke av det garnet eg har..
Jaudå, denne gangen har eg unnskyldning,
har fått bestilling på ein slik modell i str 6 år.
Og no er eg tom for dette garnet,
DÅ må eg berre kjøpe meir:)

Hekla eit par roser og sydde på nede på framstykket.
Trur eg skal gjere det på den første og.


So har eg strikka eit par baby-selbuvottar.

Garn: baby ull, kvitt og svart.
Str 6-9 mnd.

Ha ei flott og kreativ veke.


4 kommentarer:

  1. Nydelege arbeid! Eg kjenner meg så godt att i det du skriv, om det som berre ber om å få bli med heim..... God veke til deg og!

    SvarSlett
  2. Nusselig kjole du har strikka. Blir spennende å se hvordan str 6 år blir..

    SvarSlett
  3. Hei. Ja her var enda ein fin kjole du har laga!! Har du brukt eget mønster eller er det eit som er å få tak i i butikken? Ang. hjarta på vottane mine så er dei filta på med canta garn før toving. Ha ein fin kveld:)

    SvarSlett
  4. Søte små selbu vottar.

    Synst kjolen er fin eg,Ann Tove,mjukt å fint garn.

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...