søndag 30. januar 2011

Kunststrikk

Denne duken har eg ikkje strikka sjølv.
Men må berre få vise den fram på bloggen min likavel.


Det er mor mi som har laga denne,
på bestilling frå meg :)
Eg har lenge ønska meg ein stor duk som ho kunne strikke til meg,
og når vi endeleg fann mønster,
var det ikkje lenge før den var klar.
Trur det var ca 1600 masker før avfelling,
ikkje noko eg har hatt tolmodigheit til..


Eg var med då ho skulle stive den.
Det er ikkje hjelp i å berre stryke ein slik duk.
Det er om å gjere å ha rette blandinga til stivelse,
og mange nok isoporplater til å strekke den over.
Den er 140 x 220 cm stor,
og passar fint på spisebordet vårt.



Er den ikkje flott?
Denne skal berre vere til pynt,
Det er ikkje ein slik duk ein vaskar og stivar so ofte.



Eit lite glimt av midtpartiet.


Denne duken fekk eg av mor mi si tante,
som blir 91 år i mai.
Dette er ein av mange dukar ho har strikka og stiva,
etter ho vart 90 år.
Ho har ikkje tal på kor mange ho har laga framover åra,
trur nok det har gått nokre meter garn mellom hennar hender..
Det er ein inspirasjon i seg sjølv,
å gå rundt i huset hennar å sjå alle dei flotte dukane ho har laga.


9 kommentarer:

  1. Wow for et arbeid og for en aldeles nydelig duk!! Dette er jo regelrett en skatt, så jeg skjønner den er til festlige anledninger...men samtidig fortjener den å være framme hver dag:)
    Nyt søndagen, klem fra meg;)

    SvarSlett
  2. Flotte dukar! Kan ikkje gøyme dei vekk i skap eller skuffe, nei:)

    SvarSlett
  3. Imponerande flotte dukar, og litt av eit arbeid som ligg bak :)

    SvarSlett
  4. Kjempeflott duk litt av eit arbeid å lage så stor du. Flott den små også. Ha ei flott handarbeidsveke.

    SvarSlett
  5. Du verden for ein stor og flott duk.
    Og for ein jobb...godt det fins tolmodige sjeler blant oss, Ann-Tove ;-)
    Den andre duken var òg flott. Tenk å vere så "frisk" når ein er over 90 år, at ein kan klare dette, fantastisk!

    SvarSlett
  6. Kjempefine dukar. Det er kunstverk. Her skal ein holde tunga rett i munnen heile tida.
    Nydelig bunadslomme du har sydd. Ikkje bare å sy ny stakk til Sunnfjordsbunad, mange folder å tråkle. Lykke til. Du er så flink.
    Eg held på med bunadsjakke og så skal vel bunaden justerast til 17-mai tenkjer eg.
    Ha ei fin veke!

    SvarSlett
  7. Duken var aldeles nydelig. Har selv strikket mange duker før, og vet hvor mye arbeid det er. Mora din må ha godt syn som klarer å strikke disse prakteksemplarene når hun er over 90 :-)
    Imponerende.
    Koselig blogg du har (har lagt meg som følger)
    Ta gjerne en titt i min :-)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...